Såmannsøndagen

Mark 4,26-32

AUTOMATISERING I GUDS RIKE

I denne bibelteksten møter vi eit ord som vi ofte trur høyrer den moderne tida til - ordet automatisk.

Dette er første ordet v.28 i den greske grunnteksten: "Automatisk ber jorda frukt..." Det er naudsynt med automatisering dersom ein skal nå eit stort resultat. Slik også i Guds rike. For denne teksten dreiar seg om Guds rike. Kva oppnår Gud med automatisering i sitt rike? Tre ting viser denne teksten oss:

1. Guds rike kan byrje med noko mikroskopisk lite

For nokre år sidan dyrka eg litt gulrøter om sommaren. Det var alltid like fasinerande å så nokre få gram om våren og ta opp att 100 kg om hausten. Tenk at så mykje mat kunne kome ut av nesten ingen ting. Og det nesten automatisk. Og så seier Jesus at slik er Guds rike. Det startar med noko bitte lite - nesten usynleg.

Ei mor bed kveldsbøn med barnet. Kanskje den same vesle bøna kvar kveld. 4 linjer kanskje. 22 ord kanskje. Og så kan ho tenkje. Har dette noko for seg? Nei, det ville vel ikkje ha det, dersom ikkje desse orda verka automatisk.

2. Guds rike veks uavlateleg

Eg las ei artig forteljing i eit blad frå Bibelselskapet ein gong. Det var i Afrika. Det var ein kristen som reiste rundt og selde biblar. Ein dag trefte han ein mann som han snakka med som nok hadde høyrt om kristendommen, men han var ikkje særleg interessert - i alle fall ikkje å kjøpe nokon Bibel.

"Ja, men då vil eg gjerne gje deg boka", sa bibelseljaren. "Det kan du gjerne gjere", sa afrikanaren. "Men eg kjem til å rive ut blada og bruke dei til sigarettpapir". "OK", sa bibelseljaren, "det er greitt, dersom du lovar å lese dei først".

Nokre år seinare fortalde afrikanaren: "Først så røykte eg opp Matteus, så røykte eg Markus, deretter Lukas. Eg røykte heilt til eg kom til Johannes 3,16. Då var det stopp. Der stod det: Så elska Gud verda at han gav Son sin den einborne, så kvar den som trur på han ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. I same minuttet som eg las dette, vart heile livet mitt forandra".

Kva var det som hadde hendt? Orda frå Bibelen som han hadde lese medan han røykte, hadde vore som såkorn. Dei hadde vakse og vakse uavlateleg inne i han. Automatisk hadde dei vakse. Og brått forstod han noko heilt nytt. Han forstod at han var elska av Gud. At han hadde ein Far i himmelen som ville ta seg av han og gje han eit evig liv.

Når Guds rike er sådd i oss og får grobotn, så vil det vekse uavlateleg og vekse seg sterkt.

.3. Guds rike vil til sist vise seg som det aller største

Når eg stod med ein sekk gulrøter som eg så vidt greidde å lyfte, så var det heilt uverkeleg å tenkje på at for nokre månader sidan så tok dette til med ei handfull bitte små frø. Jesus fortalde at det minste frøet kunne verte til det største treet. Uverkeleg. Enno meir uverkeleg vil det kunne verte den dagen den kristne ser seg om i himmelens herlegdom og undrande tenkjer: "Og alt dette tok til med eit lite ord om Jesus! Eit ord som automatisk har vakse i meg".

Når eg seier at vaskemaskina vaskar kleda våre automatisk, så er jo det berre eit uttrykk for at eg ikkje skjønar korleis teknikken og elektronikken verkar. Når Jesus seier at jorda ber grøde og Guds rike veks automatisk, så er det eit uttrykk for at vi her står framfor ei Guds kraft i ordet om Jesus som vi berre kan undre oss over og takke for.

Geir Sørebø