13. søndag etter pinse

Mark 7,31-37

BRING MENNESKE TIL JESUS!

Det har alltid vore vanskeleg når høyrselen sviktar. Vi har i dag heldigvis mange hjelpemiddel for menneske som høyrer dårleg. Høyreapparat, teleslynge, teksttelefon. For menneske som er døve er det utvikla teknikkar som gjer at ein kan hjelpe seg godt i vårt samfunn.

Det var nok verre å vere døv den gong Jesus levde. Då hadde ein ikkje teiknspråk. Få kunne lese og skrive. Den døve vart isolert og einsam. Ein tykte sikkert det var vanskeleg å hjelpe den som var døv. Kva skulle ein gjere? Teksten for denne søndagen viser eitt døme på korleis hjelpelause vener søkjer å finne hjelp. Også i dag har denne hendinga ved Galilea-sjøen mangt å lære oss:

1. Vi kan bringe menneske som treng hjelp, til Jesus.

For ei stund sidan las eg ei bok som ein mann hadde skrive om sitt liv. Han hadde sete i rullestol heile livet. Fordi han som barn hadde vorte lamma av poliomyelitt. Då han vart lam som barn, prøvde foreldra å hjelpe han på alle måtar. Dei oppsøkte alle legar som dei trudde kunne hjelpe. Og ein gong hadde dei lese om ein lege i Austerrike som hadde funne opp ein ny metode. Og reiste mora av stad med barnet sitt. Ho reiste i vekesvis med tog og båt. Og dei fekk ein halv time hos legen i Austerrike. Men det hjelpte ikkje. Guten måtte leve lam. Men mora hadde vilja prøve alt for barnet sitt. Den som verkeleg vil hjelpe, leitar alltid etter nye hjelparar. Evangelia har jo mange døme på menneske som i ein slik situasjon fann fram til Jesus. Det kunne vere ein mann dei bar på ei båre (Matt 9,1ff) eller ei kvinne som bad for dotter si (Mark 7,24ff). Kvifor finn vi alle desse forteljingane i Bibelen? Er det ikkje ei oppfordring til oss om å bringe menneske som treng hjelp til Jesus. Vi har alle menneske rundt oss som er hjelpetrengjande. Det første spørsmålet vi skulle stille oss, er dette: Har vi bore dei fram for Jesus? Dette er ein test på om vi verkeleg ønskjer å hjelpe.

2. Jesus kan hjelpe menneske som vert brakt til han.

Ein amerikansk lege har gjort ei stor vitskapleg undersøking rundt bøn for sjuke. Tusenvis av pasientar inngår i studiane. Det er gjort greie for undersøkjinga i ei bok (Larry Dossey, Healing Words. The Power of Prayer and the Practice of Medicine). Sjølv om resultatet kanskje ikkje er så overbevisande som mange av oss ville ønskje, er legen sin vitskaplege konklusjon at bøn har ein gjennomgåande positiv verknad på sjuke menneske. Eit overraskande funn er at bøna "Skje din vilje" verkar fleire gonger så effektivt (eg nyttar her forfattaren sine ord) som ei bøn som føreskriv konkret kva Gud skal gjere. Lat oss leggje merke til eit trekk ved teksten for søndagen: Jesus tek mannen til sides. Han vil vere åleine med han. Så gjer Jesus underlege ting. Han nyttar ein heilt anna framgangsmåte enn venene hadde førestilt seg. Dette må vi stadig vere opne for. Vi må overgje menneske til Jesus med den visse tru at han kan hjelpe. Men vi må late Jesus hjelpe slik han vil. Vårt ansvar er å bringe menneske til Jesus. Jesus har teke på seg ansvaret for å hjelpe. Og det kan han.

3. Han har gjort alle ting vel.

No i byrjinga av august sat eg ein kveld på ei lita høgd ute i Solund med utsikt over havet. Det var passeleg varmt, heilt stille og sola var i ferd med å gå ned i eit gult hav. Sjøfuglane låg roleg som på ein spegel. I tankane mine vart dette synet kopla til setninga i teksten vår: "Han har gjort alle ting vel". Midt i ei verd full av liding og urett, kan vi heldigvis av og til få slike glimt av det fullkomne.

Dårleg høyrsel, skrantande helse, smerte, angst og død - alt dette finst over alt. Dei såg det kanskje i enno større grad enn oss dei som levde i Galilea på Jesu tid. Likevel kunne dei altså seie: "Han har gjort alle ting vel". I Jesus si handling har dei fått eit glimt av det fullkomne som bryt inn i verda, enno meir overtydande enn ein solnedgang i Solund. Slik skal vi også ved gjennom det å bringe menneske til Jesus i forvissning om at han hjelper slik han finn det best, vite at vi ein dag skal måtte bryte ut i undring: "Han har gjort alle ting vel!"

Geir Sørebø