8. søndag etter pinse

Mark 8,1-10

DET UERSTATTELEGE JESUS-BILETET

Eg hadde eit lite fat heime som eg kjøpte i Israel. Det var eit mosaikkmønster teikna i fatet. I midten er ei slags korg, oppi den er det fem runde brød. På kvar side låg det to fiskar. Fatet stamma frå ei kyrkje bygd over ein liten bergknaus ved Gennesaretsjøen. Tradisjonen vil ha det til at det var der brødunderet i si tid hende. Kva lærer denne teksten oss i dag som ofte har meir enn nok brød? Tre tankar spring fram frå teksten og teiknar eit bilete av Jesus:

1. Alle menneske treng hjelp

For litt sidan miste ein mann som eg kjenner, kona si. Dei var begge eit godt stykke oppe i pensjonsalderen, men hadde klart seg godt like til no utan noko særleg hjelp frå det offentlege. Dei hadde alltid begge vore sterke og sjølvstendige. Dei hadde aldri lika å be om hjelp. Men då kona døydde, viste det seg snart at mannen ikkje makta å bu åleine. Han vart overmanna av sorg, tungsinn og hjelpeløyse. Det var ikkje anna råd enn å få plass på ein aldersheim der han fekk den daglege hjelp han trong. Alle menneske treng hjelp. Før eller seinare viser det seg. Ute i øydemarka var det fire tusen menneske som trong mat. På ein eller annan måte hadde dei ikkje kalkulert med at dei skulle verte verande der i tre dagar. Og då livet kom ut av si faste rutine, trong dei hjelp. Ut frå Markus si framstelling var det ikkje ein einaste som hadde det naudsynte. Det er lett å sjå at det er mange fattige og sveltande menneske i verda, som treng naudhjelp for å overleve. Men djupast sett er vi alle hjelpetrengande. Det vert avslørt i møte med Jesus.

2. Jesus viser Guds omsorg til alle menneske

Det er ikkje lenge sidan ei litt pjuskute kvinne kom bort til meg på Sentralbanestasjonen i Oslo, strekte fram handa og sa: "Du skulle vel ikkje ha ein tiar til ein kopp kaffi?" Eg berre rista på hovudet og gjekk vidare. Kvifor? Fordi eg ana ein svær problematikk. Eit narkomant menneske som samla pengar til alt anna enn kaffi. Eg visste at eg kunne ikkje hjelpe den kvinna. Eg var ikkje i stand til å gå inn hennar livssituasjon. Eg høyrde ho banna bak ryggen min då eg gjekk vidare. Ho opplevde nok ikkje mykje omsorg frå meg.

Jesus vandra til fots gjennom øydemarka. Så strøymer det til han ei mengd med folk frå alle kantar. 4000 menneske. For den som kjenner bibelsk symbolikk ligg det med ein gong nær å tenke. 4000 er 4x1000. Tusen er talet for uendelegdom. 4 er talet for dei 4 verdenshjørna. Når 4000 menneske samlar seg om Jesus i øydemarka, er det bilete på at Jesus vil samle om seg alle menneske frå alle kantar av jorda. Og kva seier så Jesus når alle samlar seg rundt han: "Eg tykkjer hjarteleg synd i folket. Dei har ikkje noko å ete". Jesus viser Guds omsorg for alle. I kontrast til oss som ofte ikkje greier å vise omsorg for eitt menneske.

3. Jesus gjev Guds gåve til alle

Kor ofte sit vi ikkje framfor fjernsynsapparata våre og ser på nauda i verda. Tørke. Jordskjelv. Flom. Krig. Svolt. Og så seier vi: Stakkars folk. Og så gjer vi ikkje meir.

Er Gud slik? Ser på vår naud og seier: Stakkars menneske? Jesus var i alt sitt liv prega av handlingskraft. Han tykte synd på folket. Og så handla han: "Kor mange brød har de?", spurde han. Sju brød og nokre fiskar havna i Jesus sine hender. Og alle åt og vart mette. Alle, står det. Jesus gjev Guds gåve til alle.

Fatet som eg kjøpte i Israel med bilete av fisk og brød, vart knust ein dag. Eg passa ikkje godt nok på det, og det fall i golvet og gjekk i tusen knas. Klarer vi å passe på det Jesus-biletet som denne teksten teiknar for oss slik at ikkje det også vert knust? Maktar eg å sjå at eg er eit menneske som treng Jesus si hjelp frå dag til dag? Er eg i stand til å tru at Jesus også i dag er i stand til hjelpe 4000 - eller lat oss seie fire milliardar menneske frå alle verda sine hjørne? Fatet som eg kjøpte i Israel var ikkje verd så mange kronene. Men teksten sitt Jesus-bilete er uerstatteleg for verda.

Geir Sørebø