IDEAR  FOR BORN I GUDSTENESTA

 

8. søndag etter Pinse

Mark 8:1-9

 

I PREIKA

Gjenfortel!

Dette er i fantastisk flott historie! Ei me kan undre oss over i lag både små og store. Me kan kjenne den med kroppen. Kjenne etter kor svoltne dei var – kjenne kor mette dei vart. Sjå på Jesus mens han bed bøna – sjå at brødet ikkje tek slutt sjølv om alle får. Høyre magane som rumlar – høyre fornøgde menneske som sukkar mette og fornøgde. Nå var dei klare til å ta fatt på vandringa heimover. Med seg har dei ikkje berre Jesu ord – men også Jesu omsorg for heile livet deira. Dette handlar om Guds omsorg, også for det me treng til av næring for  kroppen. Alle åt og vart mette! – er underet sitt fantastiske resultat.

 

EI SALME

Norsk Salmebok  nr. 873      Eg er livsens brød 

Salma fungere godt som kanon – og er ikkje så vanskeleg å lære. For å halde tema i fokus kan ein kutte ut strofene om det levande vatnet. (og bare syngje ”fyrste” vers)

 

LITURGI

Nattverd                      Her i prostiet er det nokre av prestane som er flinke til å lære liturgi utaboks! Dei snur seg difor mot kyrkjelyden under Innstiftingsorda i nattverdliturgien. Og held fram brød og vin. Eg får ei kjensle av at nattverden kjem nærmare…meg. Kanskje dette også kan fungere godt i kommunikasjonen med barna?!    Ein kan jo også bruke barn som ministranter og bære inn brød og vin i inngangsprosesjonen. Ministrantene kan også få oppgåver under nattverden.                    (jamf. Familiemessa)

 

  God sommar!!  

Anne Berit J