Nyårsdag

Matt 1,20-21

KVA SKAL BARNET HEITE?

Det er nokså vanleg at namneboka kjem fram før fødselen. I dag kjenner mange også barnet sitt kjønn etter ultralydundersøking og namnet er ofte fastsett før mor reiser på fødeklinikken. Mange gonger er det ytre faktorar som verkar inn på namnefastsetjinga: oppattkalling, førebilete, ønskje om kva barnet skal bli osv. For nokre ligg det ei slags programerklæring i namngjevinga. Det gjorde det i alle høve få engelen kunngjorde for Josef at Maria sitt barn skulle kallast Jesus (avleidd av det hebraiske verbet jasja=frelse). Når vår kyrkje har valt å nytte denne teksten på nyårsdag, så vert Jesus sitt frelsarnamn også sett fram som ei programerklæring ved årsskiftet. Kva innhald kan vi då leggje i denne programerklæringa?

  1. Takk og ære til Jesus for det gamle
  2. For nokre år sidan ver det ei kvinne som eg kjende litt på avstand som opplevde at son hennar overlevde ei flyulukke. Han fekk berre nokre småskrammer. Han kunne godt vorte drepen. Ho ringde til meg og sa: "Eg har takka Gud i heile natt for at det gjekk bra". Kanskje var det lenge sidan ho hadde takka Gud for noko, men denne situasjonen hadde opna augo hennar og vist henne kor mykje ho hadde å vere takksam for. Når vi programmatisk stiller fram Jesu frelsarnamn ved årsskiftet, så må vi også sjå bakover og spørje: Kva velsigningar har vi ikkje fått i kraft av vår kristentru i heim, samfunn og kyrkje i tida som gjekk. "Du sende ditt ord til Noregs fjell, og ljos over landet strøymde", skriv Blix. Ved årsskiftet er det på sin plass å gje Jesus takk og ære for alle velsigningar vi har fått gjennom han.

  3. Tryggleik hos Jesus for det nye
  4. Ei tid attende gjekk det eit program på TV som heitte "Folk ved hav". Der var det ein lokalhistorikar som fortalde om ei kvinne som fekk bodet ein dag: "Mannen din er omkomen på sjøen". Det første kvinna sa var dette: "Takk og pris for at han var frelst". Sjølvsagt var det ei uboteleg sorg for henne, men midt i den vonde situasjonen gav det ein djup og god tryggleik å vite: Han trudde på Jesus. På Jesus sitt frelsarnamn. Det kunne vere at menneske vart mindre utrygge for alt det nye som kjem dersom dei visste: Eg har funne fred med Gud. Ingen er forsikra mot ulykker, død og sorg. Men i dette mørket kan Jesu-namnet lyse. Josef hadde saktens grunn til å vere redd for det nye som skulle skje, men også han får saman med Jesus-namnet meldinga frå engelen: Ver ikkje redd for å ta Maria heim til deg som kona di. Ver ikkje redd, vi veit at dette er ei kunngjering som i Bibelen stadig vert knytt til Jesus sitt namn.

  5. Retning frå Jesus for framtida

Eg hugsar enno intervjuet med kronprins Håkon den dagen då han vart myndig. "Jesus er det store idealet", sa han. Ingen dårleg erklæring frå ein som elles stod fram som ein frisk ungdom som hadde vore innom det meste av sportslege utfordringar. Utan at vi tenkjer så nøye over det har vi vel alle våre ideal som har innverknad på tankane våre og gjev livet vårt retning. Nett når desse linjene vert skrivne går det eit arrangement på TV 2 som heiter World Idol. Det var å ønskje at Jesus kunne verte idealet for verda i framtida. I denne retning tenkjer kyrkja på første nyårsdag. Kunngjeringa av Jesus sitt frelsarnamn, gav også ein heilt ny retning for Josef og Maria sine liv.

Eg såg nett på TV ein slalomkøyrar som kom i mål og vann rennet. Det første han gjorde var å få av seg skiene og løfte dei opp mot kamera slik at fabrikanten sitt namn vart synleg for verda. Dette var hans sikkert programforplikta til. Det er eit godt program ved årsskiftet å understreke for kvarandre at vi vil gjere Jesus sitt namn synleg: Han skal ha takk og ære for alt det gode vi har fått, han vil gje oss tryggleik i møte med alt nytt og han har gjeve oss ein god retning for framtida.

Geir Sørebø