2. juledag

Matt 10,17-22

FRÅ KRUBBA TIL KROSSEN

Jesus vart fødd inn i våre kår. Han vart vår bror. Han vart prøvd i alt på same måten som vi. Men dette mysteriet har også ei anna side. Når Jesus har vorte lik oss, så må også den truande kristne verte lik han. Jesus sin veg på jorda, verte også eit førebilete for den kristne sin veg på jorda. Og Jesus sin veg var ikkje minst ein veg gjennom fornedring og liding, før han vart teken opp i herlegdom. På andre juledag vert vi minna juleevangeliet sine konsekvensar: At den kristne må rekne med dele Jesus sine smerter.

1. Forfølgd av dei styrande

Eg var på ei reise i det tidlegare Aust-Tyskland ei stund før muren fall. Landet var då framleis under kommunistisk regime. Eg hugsar ein prestekollega der borte som eg vitja. Han var ulukkeleg fordi dotter hans hadde flykta over grensa til Vest-Tyskland. Han kunne ikkje rekne med å få sjå henne att på lenge. Som kristen og barn av ein prest kunne ho ikkje få noko skikkeleg yrkesutdanning i Aust-Tyskland. Styresmaktene let ikkje bekjennande kristne få sleppe til i viktige stillingar. Jesus-barnet vart like etter sin fødsel opplevd som ei utfordring for makta i landet. Herodes sette i gang eit systematisk barnemord, i von om å fjerne alle truslar mot sin posisjon. Josef og Maria måtte flykte over grensa til Egypt. Jesus sa til apostlane: "Dei skal gje dykk over til domstolane og piska dykk i synagogene. Og de skal førast fram for landshovdingar og kongar for mi skuld..." (v.17f). Dette er eit profetisk ord av Jesus som til fulle har vorte oppfylt. Martyrane er mange. Ingen har tal på kor mange det er som også i dag sit fengsla, eller vert trakasserte på grunn av trua si. Truleg vil det alltid vere slik. For det vart slik for Jesus.

2. Forleten av slekta

Jula er familiefesten framom alle festar. Då kjem studentar heim. Besteforeldre vert inviterte. Mange julekort gjev også ei idyllisk framstelling av den heilage familien i Betlehem. Det var nok ikkje idyll og fred. Det er underleg at dei ikkje fekk eit skikkeleg husvære når dei reiste dit Josef hadde sine røter for å skrive seg i manntalet. Kvar var slektningane? Det skulle ikkje gå mange åra før Jesus som tolvåring såg det som viktigare å vere i huset åt sin himmelske far, enn å følgje foreldra heim. Og snart skulle Jesus sine sysken i trua verte sette framfor hans fysiske slekt (Matt 12,46ff). I teksten for 2. juledag ser Jesus for seg enno større vanskar i høve til familien. Kristne skal kunne oppleve at dei næraste slektningane tek livet av kvarandre for Jesu namn skuld (v.21). Misjonærar i muslimske land veit kor vanskeleg det kan verte når eit familiemedlem i ein muslimsk familie vert kristen. Men det kan vere vanskeleg også i vårt land. I ein familie var mor kristen medan far hadde vanskar med å tole dei kristne. Det gjekk på eit vis i samlivet til den dagen kom at dei fekk barn. Far hindra barnet i å verte døypt. Noko som var mor sitt høgste ynskje. I si fortviling døypte ho sjølv barnet sitt på kjøkkenet ein dag saman med eit par vitne. Eit brot med ektefellen sin vilje. Men av og til må det verte slik. For Jesus måtte sjølv bryte med sine næraste slektningar.

3. Leia av Fars-Anden

Den som er forfølgd av dei styrande og utstøytt av sine næraste for Jesus si skuld, skal aldri stå åleine. Han skal vere fylt av Anden til sin himmelske Far, dette er Jesus sin lovnad. Dei trusvitnemåla som kanskje har gjort sterkast inntrykk på meg, er vitnemål frå menneske som har mista både jobb og inntekt og heim fordi dei vedkjente si kristne tru. Eg møtte for nokre år sidan ein slik mann frå eit kommunistisk land. Han hadde ei god ingeniørutdanning og ein leiande stilling på ei stor bedrift. Men då han vart kristen og vitna om trua si, fekk han sparken. Han måtte starte på nytt frå bar bakke med mykje motgang. Men få hadde eit så klårt Kristus-vitnemål som han.

Johannes seier om Jesu fødsel: "Og ljoset skin i mørkret, men mørkret tok ikkje imot det". Vi som har vorte gripne av juleevangeliet, er berarar av dette ljoset. Jo mørkare det er rundt oss, jo viktigare er evangeliet sitt ljos.

Guds ord på andre juledag vil gje oss styrke til å vere kristne ikkje berre i fest og medgang, men i dei vanskelegaste tider. Når sjølv dei næraste går mot oss. Men mørkret skal ikkje vare evig. Den som held ut til enden skal verte frelst (v.22).

Geir Sørebø