8. søndag etter pinse

Matt 10,28-31

DET ER STOR SKILNAD PÅ EIN SPORV OG EI SJEL

Regjeringa Bondevik sette ned verdikommisjonen. Ei undersøkjing nokre månader etterpå viste at ein del menneske gav uttrykk for at dei sjølve hadde vorte meir bevisste på verdispørsmål etter at dette i så stor grad har vore framme i media. Ikkje alt har like stor verdi i tilværet. Kva har den høgste verdi for oss, og kva har den høgste verdi for Gud? Søndagsteksten frå Matteus-evangeliet hjelper oss til å tenkje rett om dette. Tre verdinivå vert avdekka:

1. Ein sporv sin verdi

Då eg kom ned i kjellaren i prestegarden for eit par dagar sidan, låg det ein sporv på golvet. Han var død. Det var katten som hadde teke han ute i hagen og bore han med seg inn i kjellaren. Der låg han flat på steingolvet med vengene rett ut. Litt seinare låg han i søppeldunken. Ikkje ein gong verd eit par øre slik som på Jesu tid. Men sporven er ikkje utafor Guds omsorg. Også den sporven som låg på kjellargolvet var observert av Gud. Ein sporv har så stor verdi at han står på Guds observasjonsliste. Gud skapte fuglane under himmelen (1 Mos 1,20), og det han har skapt har han også sut for. Ein sporv har sin verdi. Ikkje alltid for oss. Men alltid for han som er sporven sin skapar.

2.Mennesket sin store verdi

Det hende for nokre dagar sidan i bygda vår. Ein ungdom velta med motorsykkel og vart drepen. Den vesle bygda har vore i sjokk. Ungdomar har vore samla, gråte saman og halde om kvarandre. Det har vore lagt ned blomar og tent lys i vegkanten der ulykka hende. Tapet som foreldre, sysken og vener har lidd er uerstatteleg. Klårare ser vi enn før eit menneske sin store verdi. "De er meir enn mange sporvar", seier Jesus i denne søndagens tekst. Andre bibeltekstar brukar større ord: "Kva er då eit menneske sidan du kjem det i hug ... Du gjorde han lite ringare enn Gud" (Sal 8,5f). Mennesket er kruna på skaparverket, som ikkje er skapt på nivå med sporvane, men skapt til å herske over fuglar og dyr (1 Mos 1,26). Frå nyheitene på TV i går kveld ber eg med meg biletet av tre unge brør som omkom i ein mordbrann i Nord-Irland, og ein reportasje om utsvelta born i Sør-Sudan. Kvifor steller vi oss slik når kvart menneske har så stor verdi? "Kvart håret på hovudet dykkar er talt. Så ver ikkje redde!", slik seier Jesus. Det må forståast slik at Gud har omsorg for kvart einskilt menneske. Mennesket sin store verdi.

3. Sjela sin uendelege verdi

Ein eldre mann fortalde meg om korleis det var i gamle dagar då det kom omreisande emissærar til bygda og hadde møte på skulehuset. Då senka depresjonen seg over bygda, sa han. For folk kom engstelege heim frå møta. Dei hadde fått høyre at dei kunne gå fortapt og hamne i helvetet. Dei hadde fått ei oppleving av at dei var fortapte syndarar. Mannen hadde ikkje mykje positivt å seie om desse predikantane som reiste rundt og skremde folk, som han sa. Kanskje kan einskilde emissærar sine pedagogiske grep diskuterast, men det er noko i deira forkynning som ikkje må gå tapt, og det er suta for sjela sin lagnad i det evige liv. Når dei sterkt og dramatisk framheva at mennesket kunne gå fortapt, så viste dei med dette at mennesket si sjel har ein uendeleg verdi. Det er viktig å få eit godt liv på denne jorda, men likevel betyr det nesten ingen ting i høve til sjela sin evige lagnad. Og det er jo dette Jesus seier: "Ver ikkje redde dei som drep lekamen, men ikkje kan drepa sjela. Ottast heller han som kan tyna både sjel og lekam i helvete".

Ein sporv har verdi for Gud. Eit menneske har ein stor verdi for Gud. Men det er først når vi ser at eit menneske er eit sjelsvesen med evig eksistens at vi også ser at sjela gjev mennesket ein uendeleg verdi. Når Guds omsorg omfattar ein sporv, kor mykje meir gjeld ikkje hans omsorg då mennesket si sjel. "Ikke en spurv til jorden utan at Gud er med. Ikke en sjel mot døden uten hans kjærlighet!" (Norsk salmebok 454).

Geir Sørebø