IDEAR FOR BORN I GUDSTENESTA

8. søndag etter Pinse

Matt 10:28-31

I PREIKA

Ver ikkje redde! – seier Jesus. Men er det ikkje nett det me er? Redde! Både store og små. Denne søndagen kan me få det fram i ljoset – det me er redde for. Eg trur at mykje kan bli borte av seg sjølv. Samstundes er det godt å høyre at også andre er redde for noko. Nokre gonger har eg lese ei forteljing av Lars Collmar som står i "Framtidslandet" (ei bok som mange barn fekk i gåve av kyrkja i samband med 2000 års jubileet). Forteljinga heiter: "Jeg er redd", og står 29. desember, og handler om å vere redd for å sove for ein veit ikkje riktig kva som er der i mørkret…. Men Jesus han kan passe på! La oss blåse bort nokre spøkelse og rydde under senga og i skåpet for farlege og skumle monster!

Nokre gongar kan det vere rett å vere redd, og Jesus seier ikkje her at me ikkje har noko å frykte. Dersom ein bur i eit anna land enn Noreg og vil vere kristen kan det vere slik at det ikkje er lov. Da kan det vere farleg å tru, difor minner Jesus oss om at sjølv når det er farleg, og sjølv når me er redde – så kan aldri andre menneske ta frå oss Jesus. Dei kan ta alt anna, men ikkje Jesus. Han er nær alltid, sjølv om me er i livsfare vil han vere saman med oss. Sjølv når me ikkje merkar det er han der. Han veit så mykje om oss at han kjenner alle hårstråa på hovudet vårt!

EI SALME

Norsk salmebok nr. 488: Ingen er så trygg på ferda

LITURGI

Velsigning: Lat alle teikne krossteiknet på seg sjølv medan dei seier: GUDS BARN!

GUDS SIGNING!

Anne Berit Sunde J