2. juledag

Matt 10,32-39

JULA SINE TORNAR

Ei av Brorson sine julesalmer byrjar slik: "Den yndigste rose er funnet, blant stiveste torner opprunnet" (NoS 41,1) Rosa er eit gammalt bilete på Jesus-barnet. Frå min eigen hage har eg erfaring som seier meg at der den vakraste rosa veks, der er det også tornar som gjer at eg fort kan komme til å stikke meg til blods når eg prøver å plukke henne. På julaftan og juledag vert vekta lagt på roseblomen. På 2. juledag kjem tornane fram. Det i julebodskapet som er utfordrande og vanskeleg. Det byrja alt då barnet vart fødd. "Det var ikkje rom åt dei i herbyrget". "Han kom til sitt eige, og hans eigne tok ikkje imot han". Vi høyrer om flukta til Egypt. Om mordet i Betlehem. Det går ei linje herifrå til teksten for dagen der Jesus seier: "Tru ikkje eg er komen for å skape fred på jorda. Eg er ikkje komen med fred, men med sverd" (v.34). Det er ikkje minst vedkjenninga som avdekkar tornane. Barnet som vart fødd stilte menneske på val. Vedkjenning eller fornekting - det er den eigentlege følgja av fødselen i Betlehem. Og ingen skal vente at vedkjenninga er ein dans på roser. Vedkjenning er ofte tvert om å trakke på tornar. Jesus nemner tre tornar:

1. Vedkjenninga av Jesus kan setje skilje mellom menneske

Eg kjenner eit eldre ektepar ein annan stad i landet. Kona vil vere ein kristen, gå til gudsteneste og ta del i nattverden. Mannen har etter kvart vorte ateist. Han har meldt seg ut av kyrkja og prøver å hindre kona i å ta del i kristen verksemd. Det er eit skilje mellom dei som er uhyre vanskeleg å leve med. Så vanskeleg kan slike situasjonar vere at Paulus i 1 Kor 7,15 opnar for skilsmål, sjølv om han som det går fram av samanhengen gjerne ser at også slike ektefolk held saman. For nokre år sidan hadde eg ein serie med samtalekveldar i kyrkjelyden der vi har tok opp ulike tema som folk tykte var aktuelle. Eitt av desse var: "Korleis leve med ulike livssyn i familien?" Kanskje er nettopp jula ei tid der dette er vanskeleg. Kva sto det i teksten i dag? Jesus seier: "Eg er komen for å setja skilje: Son står mot far, dotter mot mor, sonekone mot vermor, og ein manns husfolk er hans fiendar. Den som har far og mor kjærare enn meg, er ikkje verd meg." Vedkjenninga til Jesus kan setje skilje mellom menneske - ein av jula sine tornar.

2. Vedkjenninga av Jesus kan skape liding for menneske

Eg hadde for nokre år sidan vitjing av ein prest i det tidlegare Aust-Tyskland. Han var vaksen opp under eit strengt kommunistisk system. Han hadde teke til på ei teknisk utdanning og hadde sin praksis i ei større bedrift. Under utdanninga vart han kristen. Dette vart så viktig for han, at han straks kunngjorde det for arbeidskameratane sine. Ja, han prøvde også å fortelje dei om frelsaren og få dei med i ei bibelgruppe. Det enda med at han fekk sparken. Leiinga av bedrifta kunne ikkje tole å ha ein gåande der som vedkjente seg Jesus. Så gjekk han lenge arbeidsledig før han fekk utdanna seg til prest. Kva las vi? "Den som ikkje tek krossen sin og fylgjer etter meg, er ikkje verd meg," seier Jesus. Vår julekristendom kan verte for snill. Men kva er juleevangliet sin konsekvens Det er å fylgje Jesus. Det er å seie nei til alt som kan hindre oss i å gjere dette. Koste kva det koste vil. Går det an å vere kristen og så gå utanom alle tornar? Jesus sa aldri det: Han sa: Den som ikkje tek krossen sin opp og fylgjer meg, han er ikkje verd meg. Dette er den andre av jula sine tornar.

3. Vedkjenninga av Jesus gjeld livet!

For nokre år sidan var det eit TV-innslag rett før jul som eg trur gjorde inntrykk på mange. Eit TV-team kom tilfeldigvis forbi ei tjørn der ein liten gut hadde gått gjennom isen. Vi såg korleis ein kvinneleg reportar greidde å berge han opp. Eg la merke til ein liten detalj. Sjølv om guten heldt på å drukne og fryse i hel, så slepte han ikkje det han hadde i hendene. Ei lita gåve til far og mor som han hadde laga på skulen. Han hadde visst kome til å drukna med henne i hendene.

Den ytterste konsekvens av vedkjenninga til Jesus er å miste sitt liv. Men ovafor ein kvar fare og i ein kvar vonlaus situasjon skal den truande få halde fast på Jesus. Og når Jesus er det kjæraste han har, så vil det vise seg at i det ein gjev livet frå seg - nett då vert livet vunne for godt. "Den som misser livet sitt for mi skuld, skal vinna det" (v.39). Gjennom historia har dei mange martyrane vitna om denne sanninga. Men det er ikkje mindre viktig i toleransen sin tidsalder der alle meiningar vert like gode, å halde fast på dette: Vedkjenninga av Jesus gjeld livet! "La verden kun alt fra meg tage/la tornene rive og nage/ la hjertet kun beve og briste/min rose jeg aldri vil miste" (NoS 41,9).

Geir Sørebø