3. søndag i advent

Matt 11,11-19

LAT OSS STORME HIMMELRIKET!

I føremåleparagrafen til Kyrkjelova av 1996 er det sagt at føremålet med lova er å leggje tilhøva til rette for eit aktivt engasjement i vår kyrkje. Det er ei viktig formulering. Og med utgangspunkt i teksten for denne søndagen og det vi faktisk erfarer i vår kyrkjekvardag, så er eit par spørsmålsstillingar svært aktuelle:

1. Kvifor manglar engasjementet?

Eg minnest ein 17. mai i bygda. Etter dagens program samlast bygdefolket i samfunnshuset om kvelden til mat, underhaldning og eit par timar til sist med dans. Men det var ikkje så lett å kome i gang med dansen. Dei to karane med trekkspel spela både vals og reilendar, men lenge var dansegolvet tomt. Folk sat og prata langs veggene, og ein stor flokk stod rundt inngangsdøra og kikka inn. Kvifor mangla engasjementet? Det var sikkert ulike grunnar. Nokre kunne kanskje ikkje vals og reilendar. Nokre hadde kanskje ikkje nokon å danse med. Nokre torde kanskje ikkje by opp ei dame. Nokre var kanskje til og med i mot dans. Det var nok ikkje spesielt hyggjeleg for spelemennene som måtte oppleve at musikken deira ikkje hadde appell. Jesus brukar ein liknande situasjon frå sitt miljø til å beskrive dei etablerte, religiøse jødane sitt manglande engasjement ovafor han. Hans ord og gjerningar skapte verken glede eller sorg. Det er nok mange prestar som har opplevd det same når dei stod på preikestolen og opplevde at folka i dåpsfylgjet sat og prata saman medan presten tala. Kvifor manglar engasjementet?

2. Kvifor er nokre så engasjerte?

For eit par år sidan hadde vi i Lavik besøk av ein prest frå Afrika i samband med Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon. Eg hugsar ikkje att kva land han kom i frå. Men eg hugsar godt korleis han fortalde om gudstenestene i landsbyen. Korleis dei sprengde alle lokale på påskemorgon. Med store augo sat vi og høyrde på han fortalde om korleis dei dansa og song og prisa den oppstadne medan sola stod opp over dei afrikanske slettene. Kvifor er nokre så engasjerte? Det er det andre spørsmålet som vi vert ubehageleg konfronterte med i teksten for denne søndagen. For Jesus fortel også at det var nokre på hans tid som var så engasjerte at dei storma mot himmelriket og reiv det til seg. Som ein flokk skrubbsvoltne ulvar som slåst om eit bytte. Det var engasjerte menneske rundt Johannes døyparen ute i øydemarka. "Folk drog ut til han, frå Jerusalem og heile Judea og landet attmed Jordan" (Matt 3,5) Det var engasjerte truande i Jerusalem første pinsedag. Peter måtte forklare at dei ikkje var drukne (Apg 2,15). Kvifor er nokre så engasjerte?

3. Johannes peika på Jesus - og skapte engasjement!

Eg minnest enno korleis eg som ung gymnasiast og student brann for å vitne om Jesus i mi eiga heimbygd. Eg fekk låne skulehuset. Eg sette opp plakatar på telefonstolpane. På dei stod det skrive med kulepenn: "Møte i skulehuset ved Geir Sørebø" + klokkeslett og dato. Det stod ikkje meir. Men folk gjekk mann av huse den ein gongen etter den andre. Og eg tala djervt om frelse og fortaping. Og folk vart gripne til tårer, og idrettslaget avlyste arrangement som kolliderte med møta. Eg var den gongen ein ulærd, ung kristen. Men eg hadde eit sterkt ønskje om å vitne om Jesus. Og det engasjerte også andre. Var det ikkje dette Johannes kunne betre enn nokon annan: Peike på Jesus. På den eine sidan kunne han tale djervt om folket sine synder. På hi sida kunne han få fram at Jesus er syndarar sin frelsar og ven. Nokre kunne seie at Johannes var forgjord (v.18), men Johannes hadde gjort sitt til at folk sat att med inntrykk av at Jesus var tollarar og syndarar sin ven (v.19). Han hadde peika på Jesus og skapt engasjement!

Vi kan gje medarbeidarar god løn, PC, skyssgodtgjersle, fint kontor. Vi kan vise flott serviceinnstilling ovafor folket - likevel kan engasjementet vere nesten null. I kyrkja er det til sjuande og sist berre ein ting som skaper eit varig engasjement. Det er at vi maktar å peike på Jesus, han som er tollarar og syndarar sin ven. Lat oss gjere dette og slik storme himmelriket!

Geir Sørebø