3. søndag i advent

Matt 11,2-10

VEGRYDDING

Det var ein søndag før jul for nokre år sidan. Eg skulle køyre 4 mil til kyrkja. Men det var gått eit ras over vegen. Vegen måtte ryddast før eg kunne komme fram til kyrkjelyden. På 3. søndag i advent vert vi minna om at vegen fram til oss også ofte må ryddast før Jesus kan nå oss. Vi møter i Matteus-teksten den store vegryddaren (v.10). Og denne teksten ryddar veg ved å tale om tre ting:

1. Tvilen sitt fengsel

Ei gammal kvinne låg i sjukesenga. Hendene var låste rundt songboka då eg kom inn. Ho hadde ei tåre på kinnet. "Før", sa ho, "tykte eg Gud var så nær, no er det så vanskeleg å finne fram". Ho hadde vore sjuk i lengre tid og hatt mange smerter og plager. Og så attpå til opplevde ho at bønene hennar liksom ikkje nådde fram. Ho tykte ikkje det var nokon som svara henne. Tvilen sitt fengsel. Det er vondt å vere fanga av tvil. Det betyr at vi har hatt eit håp som er i ferd med å briste. Vi lever i tvilen sin tidsalder, men tvil er ikkje noko nytt. Vi ser at den store predikanten Johannes døyparen vert fanga i tvilen sitt nett. Til og med han.

Han hadde stått ute i øydemarka og preika slik at folk kom strøymande til liksom til Sarons dal i sommarferien. Han som hadde peika på Jesus og forklart kven han var så ettertrykkeleg at vi har det nedskrive den dag i dag. Han som til og med hadde døypt Jesus og høyrt ei røyst frå himmelen seie: "Dette er Son min han som eg elskar, han som eg har hugnad i" (Matt 3,17). Og no i fengsel. Tvilen sitt fengsel. Var det han hadde preika om verkeleg sant. Hadde han lurt seg sjølv og andre. Var livet hans ein fiasko? Han får smugla eit spørsmål ut. Ein tvilar sitt spørsmål til Jesus frå tvilen sitt fengsel. "Er du den som skal komme, eller skal vi vente ein annan?" Men dette er ikkje alt vi ser i teksten for dagen. Vi ser også:

2. Trua sin fridom

Ei kvinne i kyrkjelyden vår er nett død. Ho har hatt kreft i nokre år, så dødsfallet kom ikkje uventa. Eg har ikkje anna enn å kunne undre meg over kor roleg ho har teke sjukdommen. Mannen døydde for nokre år sidan. Dei var begge menneske som levde i trua på Jesus Kristus. No såg kona fram til å møte mannen att. Ho kunne seie at ho gleda seg til dette. Ho levde så lenge ho kunne eit heilt alminneleg liv og kunne heilt til det siste både skjemte og le. Eg kan ikkje forklare det på anna måte enn å seie: Slik er trua sin fridom.

Jesus sa til dei som kom frå Johannes: "Gå og fortel Johannes kva de høyrer og ser: Blinde ser og lame går, spedalske vert reine og døve høyrer, døde står opp, og evangeliet vert forkynt for fattige, og sæl er den som ikkje støyter seg på meg" (v.4-6). Underlege ord. Ord om ein eventyrleg fridom. Eit glimt inn i ei verd der sjukdom og død og plager ikkje har det siste ord. Eit syn av menneske som igjen reiser hovudet og lyfter blikket. Dei er frie. Trua sin fridom.

Tvilen sitt fengsel. Trua sin fridom. Vi ser begge deler side om side i den forteljinga vi las. Slik er det i dag og. Går det an å leve i denne spenninga mellom tvil og tru? Mellom fangenskap og fridom? Ja, for i teksten for dagen ser vi ein tredje ting:

3. Jesus si verdsetjing

"Eg tykkjer ikkje det er rett å vere med på nattverden, for eg er ein tvilar", var det ein som sa.

Han meinte visst at der framme ved altarringen kunne berre dei kome som kunne gå opp kortrappa med faste overtydde steg. Det er eit vakkert trekk i teksten for denne dagen. Det er Jesus sin omtale av Johannes. Tenk dykk situasjonen. Johannes har gjennom lengre tid presentert Jesus for folkemengdene. Jesus hadde vel ingen meir trugen tilhengar enn han. Og så kjem det utsendingar frå Johannes for å spørje etter kven Jesus eigentleg er. Eit enormt vonbrot skulle vi tru. Då utsendingane var farne att, tok Jesus ordet. For å kritisere Johannes? Nei, slett ikkje. Han er meir enn ein profet, seier Jesus. Og vidare: "Aldri har det stått fram nokon større mellom dei som er fødde av kvinner, enn døyparen Johannes" (v.11). Jesus sine eigne ord om tvilaren. Slik verdsette Jesus tvilaren som vende seg til han. Den som lever i spenninga mellom tvil og tru, han kan komme til Jesus med sin tvil. Slik som Johannes. Slik som Tomas. Då vil han oppdage det gledelege. At han er høgt verdsett av Jesus.

Det er mange som i desse tider kjem til kyrkja på julekonsertar og julegudstenester. Måtte vegen kunne ryddast slik at Jesus kunne kome heilt fram til kvar einskilt. Måtte kvar tvilar sjå at det går ein veg frå tvilen sitt fengsel til trua sin fridom. Og vegen vert rydda i det augneblink du erkjenner korleis tvilaren er verdsett av Jesus.

Geir Sørebø