13. søndag etter pinse

Tekst: Matt 12,33-37

AVGJERANDE ORD

Bibelen legg stor vekt på ord. Guds ord er det som skaper verda. Guds ord er det som formidlar til oss både liv og evig liv. På denne søndagen er det ikkje Guds ord som står i sentrum, men våre ord. Faktisk er det slik at våre eigne ord også har heilt avgjerande konsekvensar for oss. For Jesus seier følgjande om våre ord:

1. Etter orda dine vert du felt

Det var eit intervju for ein del år sidan. Saman med ein annan person skulle eg intervjue ein del personar som hadde søkt på ein stilling i vår kyrkje. Det var ein stilling der forkynning var ei sentral oppgåve. Den som vart intervjua, var ein sympatisk person med ein solid bakgrunn, men han sa mellom anna ved starten av samtalen at han hadde søkt denne stillinga fordi han sjølv hadde interesse av å verte betre kjend med den kristne religionen. Litt seinare sa han at han no ville begynne å studere kva som stod i Bibelen. Trass i alle gode vitnemål avslørte orda hans at han ikkje hadde den rette føresetnad for å kunne gå inn i ei forkynnande stilling. Orda våre avslører oss ofte utan av vi sjølve er klar over det. Orda våre er av same art som oss sjølve. Ein surapal kan ikkje bere fram noko anna enn sure eple. Men eit gravensteintre kan bere fine, gode gravensteineple. "Treet kjenner ein på frukta", sa Jesus. Difor skal vi ikkje seie: Det var berre eit ord. Talar vi vondt om andre menneske, er vi vonde menneske. Fornektar vi Jesus, så høyrer vi ikkje Jesus til. Etter orda dine vert du felt.

2. Etter orda dine vert du frikjend.

Eg opplevde ein gong i studietida mi at ein kamerat av meg var oppe til munnleg eksamen i kyrkjesoge. Han fekk eit emne som vi andre visste at han ikkje var så godt førebudd på. Men studenten snakka så godt for seg at han likevel fekk beste karakter. Han berga seg på sine ord. Og eg trur faktisk karakteren var rettferdig, for han var ein svært dyktig student som fortente å få beste karakter i dette faget. Og gode sensorar tolka orda hans på ein treffande måte.

Etter orda dine vert du frikjend, sa Jesus. Meiner han med dette at framfor Gud gjeld det også å kunne snakke godt for seg? Det kan kanskje formulerast på ein annan måte. Det er i høve til Gud avgjerande å kunne nytte dei rette orda: Paulus seier: "For sannar du med munnen din at Jesus er Herre, og trur du i hjarta ditt at Gud reiste han opp frå dei døde, då skal du verta frelst (Rom 10,9). Og: "Ingen kan seia: "Jesus er Herre!" utan i Den Heilage Ande" (1 Kor 12,3). Det er ikkje likegyldig korleis vi talar om andre menneske og om Gud. Ei ku mjølkar kumjølk, og ei geit mjølkar geitemjølk. Slik viser orda våre kven vi er. Det er ord som er slik at dei til sist fører oss til himmelen. Etter orda dine vert du frikjend.

3. Det finst ikkje nøytrale ord

Det var ein prest som eg kjenner til, som miste stillinga si etter fredsslutninga i 1945. Han hadde hevda under krigen at han var nøytral. Han ville ikkje seie noko offentleg som skulle vise at han hadde teke stilling til kven som hadde rett, Noreg eller okkupanten. Denne nøytralitetslinja vart ikkje godteken av biskopen, og presten miste embetet sitt straks det vart fred.

Det er vel ei erkjenning som nokon kvar av oss har gjort, at det knapt finst noko sak på denne jord som det går an å vere heilt objektiv eller nøytral i høve til. I alle høve går det ikkje an å vere nøytral i høve til den store kampen som går gjennom tilværet mellom den gode makt og den vonde makt, mellom Gud og djevelen. Kvart menneske vil anten stå på den eine eller den andre sida. Og det er orda våre som avslører oss. Eller for å bruke Jesus sine ord: Anten er treet godt, og då er frukta og god, eller er treet ringt, og då er frukta og ring.

Difor må det seiast: Høyr godt på dine eigne ord! Er det ord som feller deg eller er det ord som frikjenner deg. Det er ikkje mange orda som skal til, før det kjem fram at inne i deg bur den rette trua på Jesus og den rette kjærleiken til dine medmenneske. Ord som frikjenner.

Geir Sørebø