IDEAR FOR BORN I GUDSTENESTA
13. søndag etter Pinse
Matt 12:33-37
I PREIKA
Kva med å ta opp mobbing som tema? Mange barn har opplevd å bli mobba, mange vaksne også. Kva gjer orda med oss?? Kvifor vert me så lei oss når nokon seier stygge ting til oss eller om oss – eller om nokon me er glade i? Kvifor er det nokre som blir mobbarar? Som treng å trakke andre ned, for å halde seg sjølv oppe?
Lag ein "mot mobbing"-verkstad. Kva kan me gjere for at det skal bli mindre mobbing på skulen, arbeidsplassen, i kyrkja osb.
Kva for ord brukar me sjølve
?? Jesus utfordrar oss, til å bruke dei gode orda. Til å fylle hjarta med det som er godt slik at munnen vår kan flømme over av gode ord. Mange gode ord finn me i Bibelen. "For sannar du med munnen din at Jesus er Herre, og trur du i hjarta ditt at Gud reiste han opp frå dei døde, då skal du verta frelst" (Rom 10,9). …etter orda dine vert du frikjend!
EI SALME
Barnesalmeboka nr. 187: Hevenu shalom alechem
LITURGI
Fredshelsing: Bruk gjerne fredshelsinga under nattverden. Det er god øving i å bruke gode ord mot kvarandre: Guds fred; fred vere med deg…
GUDS SIGNING!
Anne Berit Sunde J