5. søndag etter Kristi openberrringsdag

Matt 13,24-30

"HERRE, BEVAR OG VELSIGN DIN AKER!" (NoS nr. 536)

Denne likninga er det mange av oss som kjenner oss att i. Om vi ikkje har dyrka kveite, så har dei fleste av oss hatt åkrar med ei eller anna slags nyttevekst. For nokre år sidan hadde eg mykje arbeid med å spa opp eit stykke av prestegardshagen som eg planta jordbærplanter i. Eg reinska jorda etter alle kunstens reglar. Men saman med jorbærplantene voks det likevel snart opp ein rik flora av svært livskraftige ugrasvokstrar Noko jordbær vart det, men åkeren vart opphav til lange diskusjonar i familien om korleis vi skulle fare åt med denne jordflekken som låg der med både jordbær, løvetann og brennesle . Når Jesus tek utgangspunkt i ein slik åker, så talar han eigentleg om kyrkjelyden, og han viser oss om tre ting:

1. Det vonde er alltid ein realitet i kyrkja

Som ung student kom eg over ei bok som var skriven før eg var fødd av ein av dei kjende kristenleiarane her i landet. I boka fortalde han nokså ope og detaljert om konfliktar som han gjennom åra hadde opplevd med andre av "åndshøvdingane" i landet vårt. Etter å ha lese boka var eg sjokkert. Tenk at dei som skulle vere våre kyrkjelege leiarar kunne oppføre seg slik og ikkje greie å løyse mellommenneskelege problem som dei sjølve var involvert i. Etter kvart som åra har gått har eg vorte mindre sjokkert over ubehagelege tilhøve som vert avdekka i kyrkjelydane. Det høyrer kort og godt med til dagsorden at det vonde er ein realitet i kyrkja. Det verkar også som om den mannen Jesus fortel om vart lite overraska, sjølv om det i hans tilfelle dreidde seg om ei sabotasjehandling. Kven som helst kan prøve seg med ein jordbæråker. Like sikkert som at jordbærplantene veks, er det at det kjem løvetann, vassarv og brennesle. Kven som helst kan prøve seg med å byggje ein kyrkjelyd. Like sikkert som at kyrkjelyden veks er det at det kjem motsetningar, misunning og konfliktar.

2. Det gode og vonde er samanvevd i kyrkja

Kvifor rydda eg ikkje vekk ugraset i jordbæråkeren? Nei, det vart til sist umogeleg å gjere det utan å øydeleggje jordbærplantene. Løvetann, høymol og nesle var til dei grader infiltrert i jordbærplantene at dei ikkje kunne skiljast frå dei. Slik er det også med det vonde i kyrkja. Det er ikkje så enkelt som at nokre menneske kan peikast ut som gode og andre kan peikast ut som vonde. Det vonde har sine røter godt innvakse i kvar og ein av oss. Kvart menneske består av ei uoppløyseleg samanveving av det gode og det vonde. Tenk at til og med vårt store førebilete Paulus kan seie: "Det gode som eg vil, gjer eg ikkje, men det vonde som eg ikkje vil, det gjer eg" (Rom 7,19) For ei underleg samanrøring av godt og vondt! Og den mannen Jesus fortel om, han vil vente med å skilje det gode frå det vonde. Det er ein klok husbond Jesus målar for oss. Han er visst eit bilete på Gud sjølv. For han har ein langsiktig plan. Han har ikkje gjeve opp. Han vil berre vente til tida er mogen for å gripe inn.

3. Gud skal til sist skilje det gode frå det vonde

På kyrkjekontoret vårt har datamaskinene ikkje fungert godt dei siste månadene. Vi har feil på nettverket. Nokre program fuskar og heng seg opp. Kanskje er det virusproblem også. Service-folka har gjort sitt. Likevel fungerer ikkje ting tilfredsstillande. No er vi komne fram til at det er berre ein prosedyre som nyttar. Det er å ta kopi av alle nyttefiler og så formatere alle harddiskar og byrje på nytt. Gud vil gjere det same. Ein dag vil han ta vare på alt det gode, formatere verden og byrje på nytt. Og dette er ein operasjon om einast Han har kompetanse til å utføre. Den dagen skal han utbryte: "Sjå eg gjer alle ting nye" (Op 21,5).

I dag er jorbæråkeren i prestegarden pløgd om. Alle dei fine jordbærplantene er borte. Gras og løvetann er einerådande. Det store underet er at når Gud til sist grip inn, så er det berre det gode i kyrkja som består. Det gode som Jesus fekk ta vare på og gje vokster. Alle ber vi med oss både det gode og det vonde. Ingen av oss vert frelste fordi vi er gode. Vi vert til sist frelste fordi vi i tru let Gud ta seg av synda og den vonde, og fordi vi let det gode vekse ved Jesu kraft.

Geir Sørebø