19. søndag etter pinse
Matt 13,44-46

Vidunderligst av alt på jord, er Jesu Kristi rike

Det finst mange slags tankar om himmeriket mellom folk. Nokre av desse tankane stammar nok frå Bibelen. Andre tankar kjem frå andre kulturar og tradisjonar. Noko kjem frå dikting og fantasi. Jesus snakkar fleire gonger om himmeriket. Teksten for denne søndagen er to små likningar som lærer oss fleire djupsindige ting om himmeriket, ma. dette:

Himmeriket er

  1. Uendeleg verdifullt
  2. Eg las akkurat at eit svensk 3 skillings frimerke vart selt for 12 millionar kroner. Det skulle etter planen vore grønt, men nett dette frimerke hadde vorte gult. Derfor var det så sjeldant og dermed så uendeleg verdifullt. Det var berre ein liten papirlapp, og likevel verd mange millionar. Dei aller fleste som ikkje hadde greie på saka ville kunne ha kome til å kasta det gamle frimerket i søppelbøtta. Av og til viser det seg at vi har store verdiar mellom oss utan at vi er klar over det eller tenkjer over det. Jesus snakkar om ein skatt som er nedgravd i ein åker. Sikkert ein heilt vanleg åkerlapp, som kanskje var overgrodd med ugras. Og han snakkar om ei perle, som dei fleste av oss ikkje tenkte var meir verd enn 10 kroner. Han nyttar skatten og perla som bilete på himmeriket, for å gje oss ei aning av kor verdfullt himmeriket er.

  3. Vanskeleg å oppdage
  4. Ei gamal dame som eg besøkte for mange år sidan viste meg ein heilt vanleg fryseboks som stod i eit lite rom i det gamle huset. Ingen ville oppdage at det var noko spesielt med verken fryseboksen eller rommet, men ho forklarte meg løyndomsfullt at bak fryseboksen hadde ho over 300 000 kr. Skatten var vanskeleg å oppdage. Du kunne stå ein meter frå han. Du kunne til og med kikke opp i fryseboksen uten å legge merke til noko spesielt. Slik er det med Guds rike, seier Jesus. Du kan vere heilt nær det. Liksom ein mann som går over åkeren og nesten trakkar på skatten. Eller som tek på perla og likevel ikkje oppdagar verdien. Ein gong så spurde farisearane Jesus når Guds rike skulle koma. Han svara: Guds rike kjem ikkje såleis at ein kan sjå det med augo. Ingen kan seia: "Sjå her er det," eller: "Der er det." For Guds rike er midt imellom dykk. (Luk 17,20-21).

  5. Mogeleg å finne
  6. For nokre år sidan las eg om eit firma som søkte om å få leite etter diamantar og gull på Finnmarksvidda. Eg skulle tru at dei hadde ei aning om på førehand etter rykte som dei hadde høyrt at det verkeleg var både diamantar og gull på Finnmarksvidda. Sjølv om vanlege turistar hadde sett lite av slikt. Og i så fall ville nok firma til sist finne både gull og diamantar akkurat som ein fann olje i Nordsjøen. Den som leitar har alt i aning om at det verdfulle finst. Bonden som fann og kjøpte åkeren visste nok kva han gjorde. Elles ville han ikkje selt alt han åtte. Kjøpmannen var nok sikker i si sak, eller ville han ikkje ha selt alt han åtte for ei perle. Himmeriket, den største skatt, let seg finne. Ein kan tileigne seg det og gjere det til sitt.

Dette skjer om att og om att.

Det store fleirtalet av foreldre kjem med borna sine til dåpen. Dei har høyrt eit rykte om at dåpens gåve er så verdfull. Dei oppdagar kanskje ikkje så mykje uvanleg når dei kjem til kyrkja. Dei ser berre vanleg vatn. Så viser det seg likevel at dei har funne himmeriket.

Menneske har høyrt at Bibelen skal innehalde noko usedvanleg verdfullt. Når ein så opnar boka, så kan ho til forveksling likne andre bøker, men etter å ha lytta til Ordet om Jesus, så går det opp for ein at Bibelen er som åkeren med skatten. Bibelen himmeriket innelukka i seg..

Må det ikkje vere slik fordi Jesus, som var Guds dyrebare Son, kom til jorda som eit mennesket likt oss andre. I han var det vanskeleg å oppdage det uvanlege, men dei som følgde han fekk sjå at han hadde med seg himmeriket. Himmeriket er stadig på jorda - og vidunderligst av alt på jord er Jesu Kristi rike.