IDEAR FOR BORN I GUDSTENESTA

19. søndag etter Pinse

Matt 13:44-46

I PREIKA

Himmelriket er lik ein skatt; Himmelriket er lik ei verdfull perle!

La barn og vaksne vere med og smake på ordet HIMMELRIKET, kva tyder ordet?? Jesus gjev oss to bilde: SKATT; PERLE. Himmelriket er verdfullt og viktig, men kanskje ikkje så lett å finne med det fyrste – leite….. Når ein finn: "selje alt ein eig" – og "kjøpe". Eller: Gje livet til Jesus, og velge bort andre ting.

Har du nokon gong tenkt på å introdusere Kristuskransen for kyrkjelyden? Dette er søndagen å gjere det på. Kristuskransen er noko handfast som kan hjelpe oss til å komme nærare Gud og oss sjølve. Som kan hjelpe oss i bønelivet og vere ein pedagogisk hjelp til å hugse, som ei lita katekisme….

Det er Martin Lønnebo, pensjonert biskop i den svenske kyrkja, som "fann opp" kransen, til ei hjelp for meditasjon og bøneliv. Kristuskransen består av 18 perler. Dei har ulike fargar og form, og kvar perle har sitt innhald.

Nokre kyrkjelydar har fått laga Kristuskransen i stort format, og brukar dei i gudstenester og andre samlingar. Verbum forlag (gå til www.bibelbok.no ) har gjeve ut fleire bøkar og ressursmateriale om Kristuskransen. Egon Askvik har skrivi bok om korleis bruke Kristuskransen i samband med konfirmantåret, her kan ein finne gode idear til gudstenester også. Kanskje ein i samband med gudstenesta, før, under eller etter, skal la kyrkjelyden få lage sine eigne kransar?? Ein treng perler og tråd, og nokre som kan hjelpe og forklare!

EI SALME

Norsk salmebok nr 566: Jesus satt i båten

LITURGI

Gloria: La lovsongen lyde. Bruk gjerne eit alternativ til den vanlege, eller bruk fullstendig lovsong. Forslag til alternativ: Gloria (243), Confitemini Domino (248), Laudate (252) – alle frå Salmer 1997.

GUDS SIGNING!

Anne Berit Sunde J