4. søndag etter Kristi openberringsdag

Matt 14,22-33

FINST DET SPØKELSE?

Det er ikkje alltid like lett å få i gang engasjerte samtalar med konfirmantar. Men dei gongene vi har kome inn på overnaturlege ting som spøkelse, skrømt eller gjenferd har konfirmantane mine som regel vist eit stort engasjement og fortalt den eine historia skumlare enn den andre. Ofte har det enda med ein diskusjon om det verkelege finst overnaturlege vesen som ikkje er bundne av dei vanlege naturlovene, og som av og til viser seg for oss. Læresveinane åt Jesus fekk seg ein støkk ute på sjøen. Dei skreik over seg og ropa: "Det er eit skrømt (gjenferd)!".

Dei fall til ro då dei etter kvart forstod at det var Jesus. Men denne natta gjorde dei ei viktig erfaring. Ei erfaring som viser at vi som kristne menneske ikkje er innestengde i naturlovene si glattcelle. Tre ting erfarte dei denne natta:

1. Jesus har makt over naturkreftene

Rett før olympiaden på Lillehammer, høyrde eg i radioen om nokre merkelege folk i Trysil. Dei hadde vore på vitjing mellom indianarane i USA og lært seg å danse regndans. Dei kom attende til Norge og skulle danse snødans før olympiaden starta. For å få det til å snø skikkeleg. Det er nok mange gonger i menneska si historie at folk gjerne hadde dansa både natt og dag dersom det hadde hatt innverknad på regn og vind og sol og snø. Men så enkelt er det ikkje. Vi er heilt og fullt underlagt naturlovene. Historia kjenner berre eitt sant menneske som ikkje har vore underlagt naturlovene. Jesus Kristus. Hans mange under viser at han tvert om kontrollerer naturlovene. Han går på vatnet. Han stiller stormen. Han gjer vatn til vin. Han trossar døden. Noko Paulus summerer opp slik: "Både makter og herredøme - alt er skapt ved han og til han. Han er før alle ting, og alle ting står ved lag ved han" (Kol 1,16f). Læresveinane si erfaring gjer at vi stadig kan be til Jesus om vind og ver og alt som er styrt av naturlovene.

2. Den som trur på Jesus, får oppleve underet

Vi som er foreldre, har opplevd spanande tider når borna våre skulle lære seg å gå. Det tok kanskje til med nokre steg medan dei støtta seg til vegg og møblar. Det vart verre straks dei skulle prøve seg på nokre steg utan støtte. Men det hjelpte når pappa stod eit lite stykke unna og strekte ut hendene og sa: "Kom til meg". Plutseleg kunne barnet gå nokre steg mot pappa utan støtte. Men dersom eg flytta meg lenger unna, miste ungen trua på at han ville greie det og datt på baken.

"Kom til meg", sa Jesus til Peter. Og Peter prøvde å gå til Jesus på vatnet. Det ser ut til at det gjekk bra ei bitte lita stund, men så vart han redd, og då sokk han. "Kor lite tru du har!" sa Jesus til Peter då han sokk. Han kunne gått like fram til Jesus, dersom han hadde stola på Jesus. Jesus har ikkje sagt til nokon av oss at vi skal gå på vatnet i dag. Ingen treng prøve på det. Men Jesus har sagt at vi skal tru på han, og at vi på mange måtar kan få hjelp i livet dersom vi trur. Og til sjuande og sist dreiar det seg om det store underet: Jesus sin siger over dødskreftene.

3. Jesus gjer under for å hjelpe

Eg har ein kollega som av og til opptrer som tryllekunstnar. Han låg i hardtrening alt medan han var ungdom. Han har brukt både tid og pengar på å lære seg mange tricks. Han har trena i hundrevis av timar. Kvifor har han gjort dette? Sikkert fordi han tykte det var moro. Men ikkje minst fordi han som fattig student kunne skaffe seg ei biinntekt på denne måten. Tusen kroner her og tusen kroner der kom ofte vel med.

Kvifor gjorde Jesus under? Var det for å tene pengar? Nei, aldri. Jesus gjorde alltid under for å hjelpe menneske som hadde det vondt eller som var redde og fortvila. Når han kom gåande på vatnet i stormen, var det fordi han ville hjelpe læresveinane. Straks han var kommen inn i båten, stilna stormen.

Det er fleire enn konfirmantane som i dag vert tiltrekte av historier om spøkelser og gjenferd og alle slags overnaturlege fenomen. Tenk om vi heller kunne verte tiltrekte av Jesus, han som verkeleg står over naturen. For vi har god dokumentasjon både frå Bibelen og det levde kristenlivet på at Han finst. Og på at han er god mot oss.

Geir Sørebø