2. søndag i faste

Matt 15,21-28

ANGSTEN, TRUA OG JESUS

Søren Kierkegaard har ein gong skrive: "Den som har lært å engstes rett, har lært det høyeste".

Den danske filosofen seier ikkje: Den som har lært seg å ikkje vere redd, han har lært seg det mest vesentlege av alt. Målet er ikkje å vere fri for angst, men å engste seg rett. Teksten for denne søndagen kan gje oss nokre tankar om kva det vil seie. For i denne teksten ser vi at:

1. Angsten handlar

Eg ser for meg eit oppslag i ei avis. Foreldra hadde vore i USA med eit lite barn. Barnet hadde ein eller annan sjeldan livstruande sjukdom som legar i Norge ikkje kunne gje hjelp for. Men foreldra hadde leita over heile verda og funne fram til ein spesialist på akkurat dette feltet. Dei hadde så klart vore engstelege for barnet sitt. Og denne angsten hadde gjeve dei både fantasi og innsatsvilje.

I teksten for dagen møter vi ei hjelpelaus og engsteleg kvinne frå dagens Libanon. Ho opplever også fortviling over å ha eit sjukt barn som ingen kan hjelpe. Ho har funne ein siste utveg. Ho har funne fram til den jødiske vismannen, Jesus, som er på vitjing i byen. Ho spring etter han og ropar: "Herre, du Davids son, miskunna deg over meg. Dotter mi er ille plaga av ei vond ånd".

Ho har sikkert teke mot til seg. Angsten for barnet driv henne fram. Vonbrotet ho opplever, er stort. Jesus svarar henne ikkje eingong. Gjer deg ferdig med henne, ho plagar oss, seier læresveinane. Så fekk ho oppleve det som mange engstelege menneske også i dag meiner dei erfarer. Gud svarer ikkje. Men angsten gjev kraft til handling. Det var det første eg såg i teksten for denne søndagen. Men eg ser meir:

2. Trua kjempar

Det var ein mann som hadde som vane å ringje til ein viss prest kvar gong han hadde drukke seg full. Og det var temmeleg ofte. Då skulle han snakke ut om alle sine livsproblem. Presten var skikkeleg lei alle desse oppringingane til alle tider på døgnet. Nokre gonger vart han sint og berre la på telefonrøyret. Men den drikkfeldige mannen heldt det gåande. Sjølv om han vart avvist ein dag, kunne han ringje like frimodig neste dag. Presten forstod etter kvart at mannen var både einsam og engsteleg og at telefonane eigentleg var eit uttrykk for at mannen hadde tillit til at presten kunne gje han hjelp. Det oppstod eit slags fellesskap mellom dei, og då jula kom, stod presten utafor mannens dør med julebakst.

Slik er også den kristne trua sitt vesen. Den kristne trua må ofte kjempe i motgang. Til og med frå dei ei skulle vente støtte hos. Jesus ville ikkje snakke med kvinna. Læresveinane ville jage henne vekk. Men trua hennar kjempar seg fram. Ho argumenterer freidig med Jesus. Og til sist gjev Jesus etter. "Stor er trua di, kvinne", seier han. Tru som kjempar vert aldri resultatlaus.

3. Jesus hjelper

Da eg begynte å studere til prest i slutten av 60 åra, hadde vi ein eldre professor som sat i rullestol. Det hadde han gjort i tjue år, heilt sidan han fekk poliomyelitt i 1951 og vart lam. Fleire gonger var eg med og bar han opp trappene frå Bilen til klasserommet der han underviste. Eitt av dei siste åra han levde uttala han i eit intervju:

"Min kone og jeg har ofte måttet undre oss over hvor usigelig god Gud har vært mot oss. Først det at Gud førte oss sammen i et hjem. Der har vi fått dele hans velsignelse i alle år". Jesus hjelper. Mange har fått oppleve som den kanaaneiske kvinna at Jesus gav det som dei bad om. Menneske kan fortelje om under som har hendt i deira liv. Men mange har måtta bere plager av mange slag gjennom livet. Slik som den teologiske professoren. Likevel kan dei seie: Jesus hjelper. Han har vore god mot meg.

Å engste seg rett - kva er det? Er det ikkje slik som i denne bibelteksten å erkjenne angsten, late angsten verte omsett i handling, kjempe i tru og så vite at Jesus hjelper?

Geir Sørebø