Aposteldagen (6.s.e.pinse)
Matt 16,13-20

"KIRKENS GRUNNVOLL ENE ..."

Kyrkjevigsling er ei høgtidsam handling i eit lokalsamfunn. Vigslinga viser at dette bygget er annleis enn andre hus, og at samlinga av menneske her er annleis enn andre folkesamlingar. Kva er det som gjer kyrkja annleis? Tre ting skal nemnast her:

1. Kyrkja har kraftfulle handlingar

For nokre år sidan trefte eg ein eldre mann som eg kjenner, på gata. Han høyrde til dei som i ny og ne stakk innom kyrkja. Han var ein kritisk tilhøyrar i kyrkjebenken. Denne dagen sa han: "Nei, i kyrkja er det alt for mykje liturgi. Det er dei same formuleringane opp att og opp att. Tomme frasar som prestane repeterer. Og så er det så mange alvorlege problem i verda som ein verkeleg burde arbeidd med i kyrkja og medverka til ei endring på". Langt på veg kan eg forstå denne mannen, og til ei viss grad kan eg vere samd med han. Men han oversåg det som teksten for denne søndagen seier, at vi i kyrkja har handlingar som er så kraftige at dei ikkje berre endrar på tilhøve på denne jorda, men dei endrar også på tilhøve i himmelen. "Det du bind på jorda, skal vere bunde i himmelen, og det du løyser på jorda, skal vere løyst i himmelen". Dette sa Jesus til Peter. Det er mange av oss som har fått oppleve korleis det kan forandre livet vårt på nokre sekundar når vi høyrer desse orda sagt til oss frå ein prest eller ein annan medkristen: "Etter vår Herre Jesu Kristi ord og bod tilseier eg deg nådig forlating for alle dine synder". Det er ord som kan ha ein kraftig verknad på oss. Men orda er så sterke at det skjer ei endring også i himmelen. Også der vert dei same syndene til inkjes. Og det er jo dette som er kyrkja sitt vesen. Kyrkja er ein stad på jorda der det skjer kraftfulle handlingar som endrar på himmelske tilhøve.

2. Kyrkja får ikkje kraft frå folkemeininga

Jagland måtte ha 36,9% tilslutnad for å kunne halde fram som statsminister hausten 1997. Det fekk han ikkje, og han tapte si makt. Til sjuande og sist er det slik i alle demokrati at dei som styrer og har makt har fått den av folket. Det er folkemeininga som gjev politikarane si makt. Jesus spurde etter folkemeininga: "Kven seier folk at Menneskesonen er?". Det viste seg at folk si meining sprikte i alle retningar. Og ingen av dei siterte meiningane trefte poenget. I motsetnad til det politiske systemet, kan ikkje kyrkja byggje på folkemeininga. Kyrkja får ikkje kraft frå folkemeininga. Kyrkja skal vere eit naudsynt korrektiv til folkemeininga. Det har vorte hevda i homofilidebatten at det berre er eit tidsspørsmål før kyrkja meiner det same som fleirtalet i folket. For kyrkja kjem alltid etter, vert det sagt. For eigentleg er det folkemeininga som formar kyrkja også. Eg vil ikkje vere med på denne analysen. Men i den grad det skulle vere sant at folkemeininga formar kyrkja, så ville det vere ei kyrkje som etter kvart misser si kraft og som dermed også vert uinteressant for folket.

3. Kyrkja får kraft frå Kristus-vedkjenninga

Eit bilete dukkar stadig opp i tankane mine. Det er biletet av studenten på Den himmelske freds plass i Kina som under studentopprøret i 1989 står åleine framfor ein tanks med kanon retta mot han. Den vesle mannen som får ei stor krigsmaskin til å stanse opp. Med sitt mot fekk han eit heilt politisk system til å reflektere på nytt. Han representerte ei kraft som var heilt annleis. Biletet av han går stadig rundt verda og denne krafta vert formidla til nye menneske. Dette kan hjelpe oss til å forstå kva som hender når Peter stig fram og modig seier fram si vedkjenning som var heilt annleis enn folkemeininga: "Du er Messias, den levande Guds son". Og Jesus erklærer at i denne vedkjenninga ligg ei kraft som er så sterk at dødskreftene ikkje kan rå med ho, ei kraft som er så sterk at kyrkja på jorda kan byggjast på ho, ja, så sterk at ho kan endre på tilhøve i himmelen.

Peter stod der åleine med vedkjenninga. Det hadde ingen ting å seie. For krafta låg ikkje i Peter. Krafta låg i vedkjenninga. Dette har vi sett om att og om att gjennom historia. Menneske, ofte einskiltmenneske har stått fram med ei sterk Kristus-vedkjenning som har reist opp kyrkjelydar. Vi kunne nemne vidgjetne trus-kjemper som Martin Luther og Hans Nilsen Hauge. Og vi mindre kjende trus-kjemper frå vår lokale kyrkje. Der denne Kristus-vedkjenninga vert halden ved lag, finst det ei sterk kyrkje. Tagnar denne vedkjenninga, visnar kyrkja bort.

Kyrkja er verkeleg annleis enn alt anna på denne jorda. Kyrkja er sterk. Kyrkja treng ikkje folkmeininga. Kyrkja treng einast Kristus-vedkjenninga. Denne lukkar dødsrikeportane og opnar himmelporten.

Geir Sørebø