IDEAR FOR BORN I GUDSTENESTA

6. søndag etter Pinse

Matt 16:13-20 / Apostelsøndagen

I PREIKA

Denne søndagen kan det vere fint med ei samtalepreike om kven Jesus er. "kven seier de at eg er?" spurde Jesus læresveinane, og Peter svara: "Du er Messias, den levande Guds Son." Kva svarar me på Jesu spørsmål i dag???

Dessutan er dette dagen for å seie noko om læresveinane/apostlane som flokk. Kven var dei, kva hende med dei, korleis - og kvar - fortalte dei om Jesus? Harald Kaasa Hammer har i preika for denne søndagen kort teke for seg alle apostlane, kor dei for med evangeliet og korleis dei døydde ( sjå: www.hammerdata.net og klikk deg fram til preike for 6. søndag etter pinse 2002)

EI SALME

Barnesalmeboka nr. 152: Jeg vil være med og si det høyt til alle

LITURGI

Truvedkjenning: Sidan apostlane si tid har kyrkja hatt truvedkjenningar som har sett ord på kva innhald trua har. Kva med å få nokre unge/barn til å illustrere truvedkjenninga. Desse kan haldast opp medan ein les truvedkjenninga, eller ein kan lage utstilling i kyrkjerommet.

Guds signing!

Anne Berit Sunde J