1. søndag i faste

Matt 16,21-23

MED VONDT SKAL VONDT FORDRIVAST

For nokre år sidan såg eg ei overskrift i ei avis som eg ikkje har gløymt "Jeg søker et hjerte, ikke et kors". Eg trur mange vil kunne gjere denne overskrifta til si. Når ein kjem til kyrkja, er ein kanskje ikkje innstilt på å høyre om liding og død. Det er så alt for mykje av elles i livet. Nei, ein vil heller få sjå og oppleve noko godt og varmt. Kjærleik, glede og varme. Eit hjarta og ikkje ein kross.

Peter hadde det kanskje på same måte. Han ynskte å sjå meir av Guds godleik, han ville ikkje høyre på Jesus sine ord om krossfestinga. Det første som møter oss i denne bibelteksten, er

PETERS SITT NEI TIL KROSSEN

Peter ville tale Jesus kraftig til rettes: "Gud hjelpe deg Herre! Dette må aldri henda deg". Ei gammal legende fortel at Peter var i Roma då keisar Nero sette i gang forfølgingar mot dei kristne. Då rømde Peter frå Roma. På vegen ut frå byen møtte han den oppstadne Jesus. Jesus gjekk inn mot byen. Då spurde Peter: "Quo, vadis Domine?" - Kvar går du Herre - "Eg skal inn til byen for å verte krossfest ein gong til, fordi du ikkje ville", svarde Jesus. Då snudde Peter, fortel legenda, gjekk inn att til Roma og vart krossfesta.

Peter sitt liv hadde vore eit nei til krossen, han sa nei til Jesus si liding. Han ville flykte frå eigen liding. På denne måten var han representativ for oss alle. Men Jesus var annleis. For det andre som møter oss i denne bibelteksten, er

JESUS SITT JA TIL KROSSEN

Jesus var usedvanleg kontant i sitt svar til Peter. "Vik bak meg Satan!" Svaret viser at det låg ei djevelsk freisting innebygd i Peter sitt synspunkt.

I byen Buffalo ved ein av dei store sjøane i USA står det ei statue av ein tidlegare innbyggjar i byen. Statuen her påskrifta: "Han døydde for oss". Denne mannen var styrmann på ein stor båt som gjekk på sjøane. Ein gong braut det ut brann om bord. Båten hadde mange passasjerar og var dessutan lasta med tjøre. Tjøra var bak i båten. Det var der det brann og passasjerane samla seg i baugen. Bak var det berre att ein mann - styrmannen. Medan logane slo opp rundt han, stod han urørleg og styrde mot land. Styrmannen omkom. Folket vart redda. "Han døydde for oss". Jesus stod urokkeleg på sin post. Han styrde mot krossen for å berge folket. Han måtte dette for det tredje som denne bibelteksen viser oss, er at

KROSSEN ER I SAMSVAR MED GUDS VILJE

Det er mange sider i Bibelen som skildrar korleis menneske gjer vonde ting og korleis den vonde herjar i verda. Det vert difor eit paradoks når Jesus understrekar korleis torturen på krossen er i samsvar med Guds vilje.

Homeopati er byggjer på ei underleg og uforståeleg tese som seier at "Likt helbredar likt", og vidare på ein påstand om at mikroskopiske mengder av eit stoff skal kunne kurere eit menneske. I ein viss forstand kan ein seie at i Jerusalem fekk vi sjå Guds homeopati. Med liding skulle liding fordrivast. Med død skulle død avskaffast. Eit ynkeleg menneske sin død skulle få dramatiske konsekvensar for heile verda.

"Jeg søker et hjerte, og ikke et kors" stod det i avisa. Det underlege er at det nettopp er krossen som viser oss vegen til hjarta.

Geir Sørebø