Kristi forklåringsdag

Matt 17,1-9

UFORKLARLEG FORKLÅRING

Vi var saman nokre prestar for nokre dagar sidan. Vi tala saman om teksten for denne søndagen. Og om denne underlege dagen i kyrkjeåret: Jesu forklåringsdag. Då var det ein av mine eldre kollegaer, som sa noko viktig: Ofte trur vi visst at Jesu forklåringsdag er den dagen vi skal prøve å forklare kven Jesus er. Men Jesu forklåring er noko heilt anna. Jesu forklåring har med det å gjere at det kjem ljos over Jesus slik at får sjå han tydelegare. Og dette himmelske ljoset møter vi på ulike måtar:

1. Ljoset frå Jesus på fjellet

I 1991 var eg i Oslo i slutten av januar like etter at kong Olav var død. Ein kveld gjekk eg opp Karl Johan og opp trappene mot slottsplassen. Då eg kom opp den siste trappa, fekk eg sjå noko fantastisk. Heile slottsplassen var opplyst av tusenvis av små lys som folk hadde kome og sett ned i snøen. Og ved sida av lysa var det blomar og ark med teikningar og dikt på som born hadde skrive. På eit lite ark stod det: "Kjære kong Olav, hvorfor måtte du dø, nå er det mange barn som ikke kan bli kjent med deg". Då eg stod der på slottsplassen, fekk eg ei sterk oppleving av at kong Olav var ein konge som mange var glad i. Lyshavet over slottsplassen viste det meg dette.

Dette gjev meg ei aning om korleis det var den gongen Jesus gjekk opp på fjellet saman med Peter, Jakob og Johannes. Der opplevde dei ljoset rundt Jesus, glimtet av dei gamle profetane, stemma frå himmelen: "Dette er Son min, han som eg elskar ..." Då fekk dei ei sterk oppleving av kven Jesus eigentleg var. Han som Gud var glad i. Ja, som var eitt med Gud. Det var ei god oppleving. Ei oppleving dei ville verte verande i.

2. Ljoset frå Jesus ved grava

Då eg gjekk over kyrkjegarden ein gong i vinter, så brann det eit lite ljos på ei grav. Det fekk meg til å stanse litt, og minnast ungdomen som omkom sist sommar. Ljoset stod der og blafra i vinden og heldt biletet levande av ein som eingong høyrde til i konfrimantflokken min.

Ved Jesu grav vart det ikkje kveikt ljos, men der var skinande vesen frå himmelen. Det var to kvitkledde englar (Joh 20,12), to menn i skinande klede (Luk 24,4), ein engel som var som eit lyn (Matt 28,3). Kanskje var det nokon som kom i hug korleis Jesus hadde lyst oppe på fjellet. Kanskje var det ein som tenkte: Her er vi nær ein røyndom som utvalde menneske har opplevd før. Moses på Sinai (2 Mos 34,29). Tre læresveinar på Horeb.

Og var det ikkje slik at kvinnene ved grava opplevde på ein ny måte kven Jesus var då dei såg ljoset som stråla frå himmelske vesen. Han var annleis enn alle menneske. Han var frå ei anna verd.

3. Ljoset frå Jesus inn i våre liv

Heilt frå ungdomsdagane mine kan eg hugse at av og til når eg sat i kyrkjebenken - kanskje var det helst på ei stille kveldsgudsteneste - , så kunne eg få ei kjensle av at her er det godt å vere. Og eg kunne oppleve at altar og kyrkjerom på ein måte låg i ein eigen, ubeskriveleg glans. Eg kunne få ei varm kjensle av at Gud var nær.

For nokre år sidan var eg på vitjing hos ei gammal kristen kvinne som ikkje hadde så mange dagar att å leve. Eg las til henne frå Johannes-evangeliet om Jesus som seier: "For eg går bort og vil stella til ein stad åt dykk. Og når eg har gått bort og stelt til ein stad åt dykk, kjem eg att og tek dykk til meg, så de skal vera der eg er". Då reiste den gamle seg halvt opp i senga og sa: "Storarta!". Og det stråla av andletet hennar. Ljoset frå Jesus inn i våre liv. Eit strålande minne for ein prest.

Jesu forklåring - det er noko som ikkje kan forklarast. Og likevel noko som kristne kan oppleve og verte prega av i dag. I følgje Paulus skal vi ved Herrens Ande sjå Herrens herlegdom som i ein spegel, og så verte omlaga til det same bilete. Uforklarleg forklåring (2 Kor 3,18)

Geir Sørebø