23. søndag etter pinse

Matt 18,15-20

KVA GJER VI MED SYNDA?

Det er ein del lidingar som folk i dag er redde for å få. Til dømes kreft. Ein sjukdom som i den tidlege fase er usynleg og smertefri, men som på eit seinare stadium spreier seg rundt i kroppen og syg krafta ut av mennesket.

Bibelen er frå byrjinga til slutten oppteken av ei liding som verkar uskuldig og harmlaus, men som til sist fører mennesket inn i døden, enno vissare enn kreft. Denne sjukdommen er så smittsam at han råkar alle menneske frå fødselen av. Sjukdommen så alvorleg at ingen som er smitta, har von om å verte kvitt han. Bibelen kallar denne lidinga for synd. Synd er i følgje Bibelen mennesket si grunnliding. Kva skal ein så gjere med synda? I den teksten vi har lese i dag vert det nemnt tre tiltak:

1. Tal kvarandre til rettes

Jesus seier: "Syndar bror din, så gå til han og tal han til rettes på tomannshand!" (v.15)

Ein prest eg kjenner var på veg til kyrkja ein søndag føremiddag. Det var om sommaren og fint ver. På vegen fekk han sjå ein mann som stod oppe i ein stige og måla huset sitt. Presten stoppa bilen. Han gjekk ut og bort til mannen i stigen. Presten presenterte seg, og så sa han noko i retning av at han ville gjere mannen merksam på at det var søndag og at han meinte det mannen gjorde var brot på bod nr. 3.: "Du skal halde kviledagen heilag". Eg skulle tru at mange vil seie at presten handla uklokt og lite pedagogisk. Mannen i stigen vart også kraftig irritert. Men ligg det ikkje eit like stort problem i dette at Bibelen sitt utgangspunkt er at synd er livsfarleg, medan vi ofte ser på synd som eit privat avvik frå ein levemåte som nokre meiner er rett.

Med Bibelen sitt utgangspunkt: Synd er langt meir livsfarleg enn både Aids og kreft, så vert spørsmålet: Korleis kan vi hjelpe kvarandre til å overleve? Kva kan eg gjere for å berge eit medmenneske. Ingen ting må vere uprøvd for å redde eit medmenneske frå Guds vreide.

2. Gjev kvarandre tilgjeving

Jesus seier vidare i teksten vi las: "Alt det de bind på jorda, skal vere bunde i himmelen, og alt de løyser på jorda, skal vere løyst i himmelen" (v.18).

Eg las ein gong ei lita historie om to katolske prestar. Dei levde i sølibat slik dei katolske prestane er pålagde. Men ingen av dei greidde seg utan kontakt med kvinner. Difor fekk dei seg kvar si elskarinne. Kvar laurdag møttest så dei to prestane for å gje kvarandre tilgjeving for syndene. Truleg er historia ikkje sann. Det vert ofte halde ap med skriftemålspraksisen i den katolske kyrkja. I staden skulle vi sjå at i skriftemålet ligg ein stor skatt gøymd. "Sæl er den som får si misgjerning tilgjeven og si synd tildekt!" Slik står det i eit kjent bibelvers (Sal 32,1). Men orda må lesast saman med det som vert skrive eit par vers seinare: "Då sanna eg mi synd for deg og dulde ikkje mi skuld" (Sal 32,5). Det er stort å vite at alle mine synder er gjort kraftlause i høve til Gud. Det er ei god oppleving å høyre det sagt frå eit kristent medmenneske at eg er løyst frå alt eg har vedkjent for han og meir til. Å vedkjenne for kvarandre og tilgje kvarandre er ei effektiv motgift mot synda.

3. Be saman til Gud

"Alt det to av dykk her på jorda er samde om å be om, skal dei få av Far min i himmelen" (v.19).

Dette er jo kjende ord for dei som har lese litt i Bibelen. Vi tenkjer kanskje ikkje over kva samanheng dette verset står i i Matteusevangeliet. Det står knytt til avsnittet som handlar om kva vi gjer med synda. Det tredje tiltaket mot synd er altså: Kom saman for å be.

Eg veit om narkomane som har gjennomgått avvenningskur og som har sagt: "No må de be for meg. Be om at eg ikkje fell i freistinga til å byrje med stoff igjen." Slik forbøn treng vi alle. Bøn om at vi ikkje vert fanga av egoisme, pengekjærleik, utruskap, uærlegdom, misunning, vantru og mykje meir. Ikkje minst ville det vere eit effektivt tiltak mot synd dersom to og to av oss kunne snakke saman om det som er vanskeleg for oss og så be saman.

Kva gjer vi med synda i kyrkjelyden og i eige liv? Det finst ingen naturmedisin mot synd. Men Jesus Kristus kan føreskrive lækjande tiltak. Tiltak som verkar fordi han har bunde seg til å vere til stades med sin nåde.

Geir Sørebø