23. søndag etter pinse

Matt 18,21-25

DER DET NYE LIVET LEVER

Det gamle livet er skildra i 1. Mosebok. Den som slår i hel Kain, skal hemnast sju gonger (4,15) og den som sårar Lamek skal hemnast syttisju gonger (4,24). Og når vi betraktar alle konfliktar mellom folk og folkeslag, må vi fastslå at Kain og Lamek-prinsippet har vorte nytta flittig gjennom alle tider. Det nye livet er skildra i vår søndagstekst, ja, Matt 18,21-25 står på mange måtar fram som kontrastforteljinga til 1 Mos 4, også bruken av sju-talet viser dette. Teksten har tre temakretsar:

  1. Guds grenselause tilgjeving
  2. 25. januar 1876 skjedde den siste offentlege avrettinga i Bergen. Jakob Wallin var dømt til døden for mord og vart halshogd på Nordnes framfor augo på rundt 5000 frammøtte. Forfattaren John Paulsen var også til stades og skreiv ned ein rapport (sjå http://digitalarkivet.no/sab/wallin.htm) Her heiter det ma. "Byfogd Scheldrup leste opp dommen for Wallin, og fengselspresten spurte han om han angret, og Wallin svarte: Ja. Videre spurte presten: Tror du på den treeninge Gud, Fader, Søn og Helligaand, og bygger du dit Salighedshaab ene og alene på Kristi Fuldkommen Fortjeneste? Er det da i denne Tro og i dette Haab du agter at ende dit Liv her i Verden? Ja, svarte Wallin igjen. Etter en kort bønn holdte Wallin en liten tale til de som kunne høre han. Han ønsket at salmen: Gaa nu hen og grav min Grav skulle synges, og de nærmeste rundt ham sang sammen med Wallin." Like etter vart han halshogd midt i prestens Fader Vår. Alle som les denne beretninga må sjå at midt i den offentlege dødsdommen så lever ei tru på at Gud vil tilgje ein angrande mordar. Og dette er i samsvar med bibelteksten vår som talar om kongen (=Gud) som ettergjev gjelda på svimlande titusen denarar (=ein milliard kroner, dvs ein ufatteleg sum).

  3. Vår minimalistiske tilgjeving
  4. I ei bygd eg kjenner vart det uvenskap mellom to gardar fordi mannen på den eine garden hadde uttala til kona på nabogarden at lefsene som ho baka var for tjukke. Det hadde ho vanskeleg for å tilgje han. Vi kjenner sikkert mange døme frå vårt eige liv på at det vart store konsekvensar av ein bagatell. Det var Lamek-prinsippet (77gonger hemn) som slo inn. Reknar vi tenaren i teksten si gjeld til ein milliard, så skulda medtenaren han ca. 1600 kroner. Det er jo også litt pengar, og altså nok til å medføre eit raserianfall når det ikkje vert attendebetalt i tide. Men berre ein bagatell i høve til hans eigen gjeld som han nett hadde fått ettergjeven. Vi talar ofte stort om tilgjeving. Tilgjeving som høyrer det nye livet til. Men i praksis vert tilgjevinga ofte minimalistisk og står i fare for å verte erstatta av Lamek-prinsippet.

  5. Kan også Guds tilgjeving falle i fisk?

Som ung student med nytt sertifikat fekk eg jobb i ei verksemd som hadde mange fine firmabilar. Eg kunne bruke dei ulike bilane etter behov i arbeidet. Etter nokre dagar hadde eg laga bulk i to av dei. Då vart eg kalla inn til sjefen som gjorde det klart at dersom eg laga bulk i ein tredje bil, så var det slutt. Han stilte bilane generøst til disposisjon, men bruken var basert på tillit til dei tilsette. Misbrukte dei tilsette denne tilliten, så kunne ikkje han lenger tilby oss bil på same måten. Guds generøse og grenselause tilgjeving synest ut frå søndagsteksten også å vere basert på tillit til oss. Tilliten går ikkje på at vi skal leve feilfritt og syndfritt. Men på dette at vi skal bere over med andre sine synder. Og at vi ikkje lenger skal nytte Lamek-prinsippet med 77 gonger hemn, men det nye livet sitt prinsipp med 77 gonger tilgjeving (eventuelt 70x7). Guds tilgjeving kan aldri falle i fisk. Jesus soning og død er solid nok for alle synder i verda. Men vi kan gjere Guds tilgjeving om inkje for oss ved byggje på eit heilt anna prinsipp enn han. Ikkje det nye livet sitt prinsipp om grenselaus tilgjeving, men det gamle livet sitt prinsipp om 77 gonger hemn. "Såleis skal Far min i himmelen gjera med kvar av dykk som ikkje av hjarta tilgjev bor sin".

Geir Sørebø