IDEAR FOR BORN I GUDSTENESTA

23. søndag etter Pinse

Matt 18:21-35

I PREIKA

Denne sundagen høver det med drama! Kva med å få med ei skuleklasse eller nokre konfirmantar (som jo likevel må gå på gudsteneste…). Om ein i tillegg under førebuingane hadde samtala med dei om kva tilgjeving er, om korleis ein kan tilgje, og om kor mange gongar ein treng gjere det – har ein nesten preika klar også!

For den vesle setningen som Jesus har: "Ikkje sju gonger, seier eg deg, men sytti gonger sju!" -set alle våre tapre forsøk på å møtast og bøte på dei leie tinga som skjer i rette perspektiv.

----

Ein eller annan stand bør ein ha med ein setning om når det å tilgje er svært vanskeleg, samt at det ikkje alltid er rett å forvente at tilgjevinga skal kome på løpande band. Nokre gongar kan det kjennast umogleg å tilgje den eller dei som nære har øydelagt livet og livsgleda.

Om me ser ut over landegrensene våre og heilt sør til Sør-Afrika, kan me finne eit land som har prøva å ta tak i dette. Kyrkjene og diakoniinstitusjonar har jobba særleg hard med tilgjeving som tema. Der peikar ein på at tilgjeving ikkje berre er for den som ber om tilgjeving, men likeså mykje for den som tilgjev! I tilgjevinga ligg eit oppgjer og ein sjanse til å byrje på nytt. Men vegen dit kan vere lang!

EI SALME

Norsk Salmebok nr. 98: Kristus er verdens lys

LITURGI

Nådehelsing: Gje minst to store barn i oppgåve å spreie nådehelsinga frå bakarst i kyrkja og framover som ein stafett, der orda er det ein skal gje vidare til den som sit ved sida eller framafor. Dei som byrja stafetten må sjå til at nådehelsinga heile tida vert sendt vidare, og til slutt landar fram til presten. Alle skal vere med, nokre treng litt hjelp til å skjøne kva som skjer, særleg dei fyrste gongane dette vert bruka. Kor mange av orda i nådehelsinga ein vil bruka kan variere, ein kan og gje fyrste del av helsinga til dei som sit på høgre sida og andre del av helsinga til dei som sit på venstre sida. Når orda har nådd fram til presten gjentek ho dei tilbake til kyrkjelyden.

Guds signing!

Anne Berit Sunde J