Kristi openberringsdag

Matt 2,1-12

DET STORE JULESPELET

Son min som no er over 20 år, kan fortelje at ein av dei episodane i heimen vår som han aldri gløymer var då han som 6-åring vart tvinga til å spele ein rolle i julespelet på bedehuset i Askim. Eg har gløymt alt saman av ein eller annan grunn. Men han kan fortelje at hans far tvinga han til å vere vismann på veg til Betlehem. Han var sterkt imot å vere Baltasar med myrra. Men det var ingen nåde. Han vart lempa inn i bilen. Køyrd av garde. Dytta opp på scenen med beskjed om å slutte å krangle, vere snill gut og bøye seg skikkeleg for Maria, dotter til kapellanen.

Frå seinare år hugsar eg ein episode der Maria plutseleg tok til å strigråte i det vismennene frå aust steig over dørstokken. Det var tydelegvis ikkje fordi ho var rørt over vismennene si tilbeding, men heller i frustrasjon over den umogelege læraren som hadde bestemt at det måtte vere ei lys levande Maria med også på denne juletrefesten.

Og opphavet til alt elende er denne søndagens tekst. Denne teksten som har vorte utgangspunktet for tusenvis av julespel framført av barnehageborn og skuleborn meir eller mindre mot deira vilje. Men denne teksten er jo som eit perfekt manus for eit spel. Her har vi rollene rundt barnet.

Rolle nr. 1: Herodes.

Herodes har ein viktig rolle i denne teksten. Leiaren utan religiøse interesser, men som likevel kallar, saman skriftlærde og prestar og let dei studere i skriftene kva det stod om Messias. Og det han får høyre fyller han med djup uro. Han anar frå barnet i Betlehem eit trugsmål mot si eiga makt. Kven var barnet i krybba? Vi får ikkje noko svar hjå Herodes. For Herodes betyr makt og rikdom alt. Og Jesus-barnet har gjort han redd.

Dette er rolla til den som ergrar seg over Jesusbarnet og alltid har Jesus som motstandar..

Rolle nr. 2: Vismennene.

Vismennene frå aust har ein sentral rolle i det store julespelet. Kven var dei? Bibelen seier omsett til vårt språk noko i retning av at dei var nokre heidningar som kom ein eller annan stad i frå langt aust. Men desse heidningane hadde merkeleg nok fått teikn frå Gud. Den Gud som dei kanskje visste fælt lite om. Og desse utlendingane skjønte at det var noko så viktig som heldt på å hende at dei drog over land og strand for å sjå det. Kven seier så vismennene frå aust, at barnet i krybba er? Dei seier ingen ting. Ikkje noko som er skrive ned. Dei kjem. Dei gjev sine gåver. Dei kneler ned. Dei dreg.

Dette er rolla til den som står på avstand frå Gud, men som let seg leie fram til Jesus og til sist bøyer seg for han.

Rolle nr. 3: Maria

Det vert ikkje noko julespel utan Maria. I julespelet er Maria ein enkel rolle. Ho seier i teksten vi las i dag ingen ting. Ho er der. Ho held Jesus-barnet. Ho tek imot vismennene og gåvene deira. Ikkje hadde ho sagt noko den gongen gjetarane kom heller. Der står det berre at ho gøymde orda dei sa i hjarta sitt og grunda på dei.

Dette er rolla til den som forstår: Gud har ein plan med mitt liv. Guds plan vil endre på mangt eg før hadde tenkt meg skulle hende. Guds plan vil gje meg både smerte og glede, men når eg gjer slik Gud har vist meg, vil det gje velsigning til mange menneske. Også til meg sjølv.

Teksten for denne dagen er eit julespel med tre roller rundt Jesus-barnet. Dette julespelet vert ikkje berre framført av born på scenen. Vi spelar alle i det store julespelet. Det store spørsmålet er: Kva rolle har du valt å spele? Er du Herodes, som vert fylt med uro og ergrelse over jula sitt kristne innhald og som helst ville avskaffe alt Jesus-snakket? Er du ein vismann får aust som seier: Dette må eg undersøkje meir. Det er noko med Jesus som eg må finne ut av, prøve og om nødvendig bøye meg for. Er du Maria som tek imot underet og seier: Eg vil vere din tenar. Ta mitt liv og bruk det. Lat det gå med meg slik du vil.

Det store julespelet. Det er meir enn eit spel. Det er sjølve livet det gjeld. Det er det store drama som gjeld liv og død, himmel eller helvete. Difor er det eit heilt avgjerande spørsmål:

Kva rolle har du i høve til Jesus? Det var nok born som slett ikkje ville vere verken Maria eller vismann. Måtte det ikkje vere slik med oss i det verkelege livet.

Geir Sørebø