Vingardssøndagen

Matt 20,1-16

YOU`LL GET PIE IN THE SKY WHEN YOU DIE

.

Denne amerikanske overskrifta kunne gjerne omsetjast til godt norsk med ADu skal få pizza i himmelen når du døyr@. Strofa stammar frå den svensk-amerikanske arbeidarrørslepioneren, Joe Hill si legendariske vise APredikanten og slaven@. Og predikanten seier altså til slaven: ATa det med ro. Det er ikkje farleg om du må slite her på jorda, for i himmelen ventar det ei feit løn.@

For mange år sidan hugsar eg at eg hadde ein engasjert diskusjon med ein predikant borte i Oslo. Han meinte at det var skilnad på dei som kom til himmelen. Nokre kom så vidt til himmelen. Medan andre kom til himmelen med stor ære. Han viste til at mange stader i Bibelen står det at menneske som har ofra seg for Jesus, skal få stor løn.

AHan skal løna kvar og ein etter det han har gjort@ , skriv Paulus (Rom 2,6). Men i diskusjonen hadde eg eit trumfkort som eg kunne trekkje fram, nemleg teksten for denne søndagen, likninga om arbeidarane i vingarden. Og der var det jo slik at nokre arbeidde heile dagen (12 timar), nokre arbeidde 9 timar, nokre arbeidde 6 timar, nokre 3 timar og nokre berre ein time. Men då løna skulle utbetalast, så fekk dei alle nett den same betalinga. Til glede for nokre og til irritasjon for andre. Her vert alle grenser sprengde. Dette er ein grensesprengande tekst fordi:

 

1. Alle får tilbod om tilsetjing

Ein kjenning av meg søkte for litt sidan ein middels høg leiarstilling i næringslivet. Det var over 50 søkjarar, og ein har utsilingsprosess før ein av dei vart tilsette. Det er ein underleg arbeidsgjevar vi høyrer om i søndagsteksten. Han tilset alle han ser. Ingen eksamenspapir eller intervjurundar. Han tømmer torget for folk. Han tilset kvar einaste ein.

 

2. Alle tek i mot stillinga (?)

I mitt prosti har vi sist år leita land og strand rundt etter nokon som kunne ta på seg eit årsvikariat som sokneprest. Men det har ikkje lukkast. Ingen har lyst til å arbeide eit års tid i Guds vinhage i Ytre Sogn enno eg veit det går mange ledige teologar over torget i Stavanger og Oslo.

Når husbonden i bibelteksten går ut og spør etter arbeidarar til vingarden, tek alle imot tilbodet. Heile dagen sig dei inn i arbeidsflokken. Eller var det nokre på torget, som snudde ryggen til og ikkje brydde seg med han som spurde etter arbeidskraft? Var det nokre som i det heile ikkje oppdaga husbonden?

 

3. Alle får same løn

Er det rett at alle i dette landet får same pensjon? Er det rett at ein lege og ein reinhaldsarbeidar får like mykje utbetalt i pensjon kvar månad? Er det rett ein som har vore yrkesaktiv berre i fem år får like høg pensjon som ein som har jobba i førtifem år? Det kan vere ulike meiningar om dette, men i alle høve har det vore politisk umogeleg å kome fram til likeløn i pensjonstida uansett kva ein har oppspart av poeng. I vingarden vart det til sist ikkje spørsmål etter kor mange poeng dei hadde tent opp. Løna var den same for alle.

Det er noko grensesprengande over denne teksten på den måten at den er prega av eit heilt uvanleg likeverd. Ikkje hadde dei arbeidt like lenge. Og når alle og ein kvar vart tilsette, så hadde dei sikkert heilt ulik kompetanse. Dei hadde sikkert ulik teknikk og arbeidstempo. Og sidan dei var henta inn frå eitt av torga i Midt-Austen, var det sikkert folk frå ulike land og nasjonar. Folk med ulik hudfarge og etnisk opphav. Men husbonden hadde ein revolusjonerande ide. Alle skulle få den same betaling.

Joe Hill kjempa for arbeidarane sine kår, både med ironi (som i visa) og med andre maktmiddel. Han kjempa for at alle skulle få det like godt her på jorda. Det er diverre enno langt fram til det målet er nådd. Men Jesus sitt program er å jamne ut alle skilnader på folk. Slik skal det til sist vere for alle dei som får himmelen i gåve. Og utjamninga skulle ta til her på jorda.

Geir Sørebø