1. søndag i advent

Matt 21,1-9

DEN EVIGE KONGESONGEN

Det er like flott kvar gong. Når det er Holmenkollrenn, reiser folkeskaren seg rundt hoppbakken og stemmer i kongesongen i det Hans Majestet stig fram på kongetribunen. Luene vert tekne av, og femti tusen menneske syng saman. Og etter songen bryt jubelen laus. Konkurransen kan ta til. Vår kongesong har røter over 300 år attende i tida. Men teksten for denne søndagen gjev oss ei aning om at det er ein annan kongesong som har røter mykje lenger attende og som vert sungen gjennom alle tider. For denne teksten gjev oss eit glimt av:

1. Kongesongen som var

Ein grunnleggjande tanke i det gamle testamentet var at Gud, Herren, var Israel sin eigentlege konge, og templet i Jerusalem var hans slott på jorda. Derfor song folket når dei kom inn tempelporten songar for kongen. Mange av desse songane finn vi i salmane i det gamle testamentet. I Salme 118 finn vi ein slik song som dei song på veg inn tempelporten. Der heiter det litt nede i salmen: "Dette er dagen som Herren har gjort; lat oss jubla og gleda oss no! Hosianna, å, Herre, lat det lukkast! Velsigna vere den som kjem i Herrens namn" (v.24-26).

Denne strofa song sikkert israelittane gjennom 100-vis av år, som ein kongesong på veg opp til templet, opp til Herrens hus. Derfor er det noko sensasjonelt som hender den dagen Jesus kjem ridande på ei lite esel opp bakkane til tempelberget. Folk kastar kleda sine på vegen, viftar med palmegreiner, og så syng dei kongesongen, den gamle strofa, den som dei har brukt i 100-vis av år til den himmelske kongen: Hosianna, Davids son! Velsigna vere han som kjem, i Herrens namn! Hosianna i det høgste! Kongesongen som var. Det var det første punktet. Det andre vi opplever er:

2. Kongesongen som er

Det vert fortalt frå England at det hender av og til av kongefamilien kan kome som privatpersonar og vere til stades i teateret heilt uventa for å sjå eit stykke. Når dette vert oppdaga, går det som ein sus gjennom salen, det vert kviskra frå mann til mann: The queen is in the audience. Dronninga er i salen. Vonleg nyttar mange kyrkjelydar høve til å feire nattverd på første søndag i advent. Då skulle det gå ein forventningsfull sus gjennom kyrkja. Det skulle kviskrast: Kongen er i kyrkja. For presten har teke på seg det vakraste skrud, messehakelen. Og brått reiser alle i kyrkja seg og stemmer i den evige kongesongen:

Heilag, heilag, heilag, er Herren Sebaot, all jorda er full av hans herlegdom. Hosianna i det høgste. Velsigna vere han som kjem i Herrens namn. Hosianna i det høgste. I denne songen er vi eitt med dei som stod forventningsfulle utafor Jerusalems port. Og vi er like nær kongen som kjem. Kongesongen som er. Det var det andre. Det tredje er:

3. Kongesongen som vere skal

I notata eg hadde gjort meg etter ein bispevisitas for nokre år sidan, var det to setningar som eg ikkje har gløymt. "Lovsongen er målet for livet", hadde biskopen sagt. Og: "Lovsongen er livet si meining". Kva var biskopen sin tanke med dette? Han ville vel seie at når vi bøyer oss og tilbed Gud som vår konge, då oppdagar vi livet. Livet slik det verkeleg er. Vi oppdagar kva samanheng vi står i, vi finn oss sjølve. Å leve er å vere på leiting etter noko som vi ikkje alltid veit kva det er. Den dagen vi ser at kongen kjem til oss, og vi bøyer oss og syng den evige kongesongen, då er vi på rett veg mot målet. Går vi til Bibelens siste blad og les om Johannes sitt himmelske syn, så ser vi at han skriv: "Så høyrde eg noko som likna eit stort og mektig kor i himmelen. Dei song: Halleluja! Sigeren og æra og makta høyrer vår Gud til.... Herren vår Gud, Den allmektige har vorte konge. Lat oss gleda oss og fagna oss og gje han æra" (Op 19,1 og 6). Igjen møter vi den evige kongesongen. Det er flott å syngje kongesongen mellom femti tusen i Holmenkollen. Men det bleiknar mot den evige kongesongen mellom myriadar i himmelen.

Kongesongen som var, er og vere skal. Songen til kongen som kom, kjem og kome skal. Dette er adventstida sin song. God advent og godt nytt kyrkjeår!

Geir Sørebø