12. søndag etter pinse
Matt 21,28-31

NÅR JA VERT NEI OG NEI VERT JA

Ein eldre prest som eg kjenner, skulle ha ei brudevigsle, og som alltid stilte han først spørsmålet til brudgommen: Framfor Guds åsyn og i nærvære av desse vitna spør eg deg, Ole Olsen (eller kva han no heitte): Vil du ha Kari Hansen (eller kva ho no heitte), som står attmed deg til ektemake? Då svara brudgommen: "Nei, det vil eg ikkje!". Og dei nesten 100 gjestene i kyrkja heldt på å falle av benkene, men presten hadde ikkje anna å gjere enn å avlyse resten av vigsla. Bryllaupsfeiringa gjekk i vasken, men eg kjenner ikkje til kva som hende vidare. Kanskje lever dei lukkeleg saman no. Det er ikkje alltid den påfølgjande handlinga står i samsvar med det ja eller nei som ein gjev i ein bestemt situasjon. Det viser teksten for denne søndagen. Her finst det ulike kombinasjonar av svar og handling:

  1. Ja utan handling
  2. Det var i ein konfirmanttime eg hadde for nokre år sidan. Vi hadde snakka om dåpen og eg hadde nett gjennomgått kva slags oppgåver fadrar og foreldre hadde teke på seg i høve til barnet som vart døypt - be for barnet, lære det sjølv å be, hjelpe det til å bruke Guds Ord og Herrens nattverd. Då sa ein av konfirmantane: "Det der trur eg aldri foreldra og fadrane mine kan ha høyrt nokon gong". Konfirmanten reagerte spontant på det som han opplevde som eit manglande samsvar mellom lovnad og handling. Vi har vel alle merka at vi fort misser tillit til menneske som lovar noko som aldri vert gjennomført, særleg dersom dette går igjen fleire gonger. Eit ja utan handling kan også gje oss ei kjensle av at vi eller den saka det gjeld ikkje vert teken på alvor. Det er sagt mange ja i kyrkja. Ja ved døypefonten. Ja til ulike tenester. Ja til ektemake. Ja ved prestevigsle. Og det er sagt ja til Jesus på mange ulike måtar. Og nokon kvar av oss må spørje oss sjølve om det vart eit ja utan handling.

  3. Nei med handling
  4. Eit kristent ektepar eg kjenner svara konsekvent nei til å vere fadrar. Dei gjorde det fordi dei tykte det var slik ei stor oppgåve og ein så krevjande lovnad. Dei var redde for å ikkje strekke til. Men likevel prøvde dei så godt dei kunne å formidle kristelege verdiar til den oppvaksande generasjon i slekta. Først var eg litt overgitt over dei. For dei ville jo vore meir seriøse fadrar enn dei fleste andre. Men i etterkant kan eg likevel sjå det positive i det dei gjorde. Dei handla i praksis og dei formidla at fadderoppgåva var noko ein ikkje måtte ta lett på. Og det spørst om ikkje det er betre å ha ein onkel og ei tante som vegrar seg for å vere fadder, men som i praksis gjer alt ein kan for å gje borna i familien kristne verdiar, enn å ha ein onkel og ei tante som gjerne vil vere fadrar, men som etter dåpsdagen har gløymt alt ein svara ja til.

  5. Ja med handling

Mannen Jesus fortalde om hadde ein son som sa ja, men som i praksis gjorde ingen ting. Og han hadde ein son som sa nei, men som likevel i praksis gjorde det han hadde sagt nei til. Og tilhøyrarane vert fort samde med Jesus om at det var den siste sonen som skuffa faren minst.

Men det er innlysande at faren gjerne skulle hatt ein son som både sa ja, og som handla slik han hadde lova. Men denne sonen hadde han ikkje. Kanskje er ikkje dette tilfeldig? For nett i denne likinga er faren er eit bilete på Gud, og sønene eit bilete på oss dødelege menneske. Og den av oss finst knapt som er tvers igjennom heilstøypt i lovnad og handling. "Tollarar og skjøkjer kjem før inn i Guds rike enn de", sa Jesus. Jesus utelukkar i og for seg ikkje tilhøyrarane sine, som ut frå samanhengen er overprestane og dei eldste, men han seier at vegen inn i Guds rike er først og fremst tilrettelagt for dei som erkjenner at dei ikkje strekk til i høve til Guds krav, som ser at dei har svikta, men som likevel vil stille det dei har av krefter og ressursar til rådvelde for vår himmelske Far.

Eg har ein mistanke om at det ikkje var så lett for brudgommen som svara nei i kyrkja å rette dette opp att i neste omgang. Det er sikkert ikkje mange bruder som ville kunne leggje ei slik hending bak seg. Men slik er Gud. Det går an å angre og i praksis vise at det første nei er tilbakelagt. Gud tek imot alle arbeidarar i vingarden utan omsyn til både tvil, nøling og avvising i tidlegare periodar.

Geir Sørebø