IDEAR FOR BORN I GUDSTENESTA

12. søndag etter Pinse

Matt 21:28-31

I PREIKA

Har det hendt at du har svara dei voksne: "Neei, det vil eg ikkje!" - når dei har bede deg om ei teneste??? Eg og! Mange gangar….. Kva skjedde etterpå da?? Tenkte meg det.., dei fleste av oss ruslar vel etter – og gjer det som me er bede om å gjera. Nett som han i teksten vår i dag. Han sa nei, men gjekk likevel ut i vingarden til far sin og gjorde jobben.

Men kanskje har du møtt på vaksne som ha svara: "Ja, det kan eg ordne!" – og så har det ikkje skjedd noko meir… Det du ba om er like ugjort. Truleg var det ikkje stygt meint, men dei vaksne bare glømte seg heilt bort.. Kan jo likne litt på den andre sonen i teksten. Han som seier ja, men som ikkje går!

Avtal på førehand med nokre som kan spele sønene. Intervju dei om kva dei tenkte, kvifor dei svara det dei gjorde osb. Avslutt med eit spørsmål til sønene om dei ikkje er litt leie seg for måten dei svara og handla på.

Faren deira vil sikkert tilgje dei, trur de ikkje?? Slik kan me og kome til Jesus og be om tilgjeving når me svarar og gjer heilt motsett av det som me skulle ha gjort. Jesus tilgjev også!

EI SALME

Barnesalmeboka nr. 121: Jeg vet ingen, ingen som

LITURGI

Syndsvedkjenning: Ved inngangen blir kyrkjelyden bede om å finne seg ein stein før dei går inn i kyrkjerommet, sei at den skal brukast i gudstenesta, den treng ikkje å vere så stor, presten fortel når og korleis steinen skal brukast. Etter nådehelsinga fortel presten (eller event. andre) at steinen skal vere eit bilde på det som me har gjort gale mot Gud eller andre menneske. Så skal alle få kome fram til altaret eller til ein kross ein stad i kyrkjerommet og legge frå seg steinen OG SYNDA VÅR, og be om tilgjeving. Saman syng me Kyrie.

GUDS SIGNING!

Anne Berit Sunde J