Siste søndag i kyrkjeåret

Matt 25,1-13

"STÅR JEG FOR DEG SOM HINE FEM MED LYS I LAMPEN MIN?" (NOS 413,2)

Ein prest eg kjenner budde som teologistudent på ein liten hybel som hadde dusj på den andre sida av trappeoppgangen i blokka. Ein gong han skulle over til dusjen, gjekk smekklåsen igjen bak han, og han vart ståande naken i trappeoppgangen berre med eit handklede rundt livet og utan nøklar. Han seier i dag at han må tenkje på denne episoden kvar gong vi kjem til siste søndag i kyrkjeåret og teksten handlar om dei 10 brurmøyane. 5 av dei opplevde at døra vart smekt igjen framfor dei. Og dei hadde ingen nøklar som kunne opne henne. Deira sjanse til å kome inn, var brukt opp. Fortvila stod dei att ute i mørkret medan gleda utfalda seg inne. Jesus si likning om brurmøyane vil seie oss noko som er livsviktig for kristenlivet:

1. Den kristne skal vere førebudd.

For nokre dagar sidan var eg på hjortejakt oppe i fjellet. Det er korte dagar i november, og dersom ein skulle skyte eit dyr og få mykje arbeid, kunne mørkret kome komme over oss før vi rakk heim. Difor hadde eg ei lommelykt og eit ekstra sett batteri med i ryggsekken. Det kunne stå om livet dersom vi ikkje kome oss i hus før natta.

Som prest har det slege meg at døden ofte kjem utan at ein er førebudd. Folk seier ofte:"Vi var ikkje budde på at det skulle ende slik no". Vi hadde ikkje fått snakka saman retteleg. Vi hadde ikkje fått avtala ting. Vi hadde så mange planar som vi skulle gjennomføre. Vi var ikkje budde. Ulykka, sjukdommen, døden kom så uventa.

Den kristne skal vere førebudd. Han skal vere førebudd på å døy. Det er så. Men først og fremst skal han vere førebudd på å møte Jesus etter døden. Det var berre halvparten av jentene i teksten som var godt nok budde. Og dei fekk til sist ikkje fleire sjansar.

2. Ein kristen skal vere brennande.

Dei fem kloke brurmøyane sytte for at lampene deira alltid kunne vere brennande. Dei passa på at dei ikkje slokna ut. Dei fylte stadig på lampene frå kannene sine.

Dette skulle ikkje vere ein merkeleg og uvanleg språkbruk. Ein mann i ein kyrkjelyd hadde fått det for seg at han skulle arbeide for å få laga ein kopi av ein middelaldergjenstand til heimekyrkja. Gjenstanden hadde før vore i kyrkja, men var no på museum. Det viste seg at prosjektet kosta nesten 100 000 kroner. Mannen hadde ikkje pengar sjølv, men let seg ikkje stanse. I årevis samla han inn pengar. Han tala om saka i alle fora. Han brann for saka. Elden hans slokna aldri ut. No er han komen i mål.

Ei gamal salmestrofe er slik: Av døpte vrimler stad og land, men hvor er troens brand? (NoS 530,2). Ein klok kristen passar på å vere brennande. Brennande for Jesus. Kva dreiar det seg om til sjuande og sist? Det gjeld til sist spørsmålet: Kor viktig er Jesus for meg? Kor viktig er trua for meg? Korleis kan vi som kristne vere rett førebudde til å møte Jesus? Ved at Jesus er viktig for meg i kvardagen. Ved at trua på han vert halden brennande inne i meg.

3. Ein klok kristen går saman med Jesus.

Dei 5 kloke brurmøyane var der då brudgommen kom. Dei fylgde han inn til festen. Dei 5 uvituge var ikkje til stades då brudgommen kom. Dei var ein annan stad for å ordne med noko dei ikkje hadde tenkt på før. Dei prøvde å komme seg inn i huset åleine etterpå. Det gjekk ikkje. Ein klok kristen går saman med Jesus, gjennom livet og til sist gjennom døden.

Det var i ei gravferd til eit lite barn. Systera på 10 år ynskte at vi skulle syngje medan vi stod ute på grava Gunnstein Draugedalen sin enkle song: Tett ved sida mi går Jesus. Alltid vil han vera der. Eg treng ikkje gå og ottast når eg fylgjer Jesus her. Dei enkle orda sa oss noko viktig og godt der ved grava. Når alle våre ord vert utan innhald, så står denne hjelpa att: Tett ved sida mi går Jesus. Når eg fylgjer han, slepp eg ottast.

Ein teologistudent vart ein gong ståande naken i trappeoppgangen fordi han ikkje hadde tenkt langt nok fram. Det er langt meir alvorleg å verte ståande naken utafor himmelens port fordi ein ikkje har vore vaken nok medan ein levde her på jorda.

Geir Sørebø