10. søndag etter pinse

Matt 25,14-30

KORLEIS FORVALTAR VI GUDS KAPITAL?

For nokre år sidan vitja eg ei eldre dame som fortalde at ho hadde gøymt ein større sum med pengar ein stad på eigedomen der ho budde. Det var ærleg oppsparte sparepengar som ho hadde samla gjennom eit langt liv. Ho hadde ikkje den store tiltrua til banken, så ho fann det tryggast å grave ned pengane. Eg kjenner ein ung mann som kjøpte aksjer for alt han hadde og meir til. Aksjene steig i verdi, og mannen sat att med ein pen gevinst som han kunne investere vidare med. I norsk kristenmiljø har ein gjerne sett på den eldre dama sitt overforsiktige forhold til pengar som idealet. I Jesus si likning er det imidlertid den risikoviljuge forvaltaren som satsar på vekst som er førebiletet. Likninga viser oss korleis Gud vil at hans kapital skal styrast med. Tre hovudtankar spring fram av likninga:

1. Ein kvar kyrkjelyd forvaltar ein del av Guds kapital

Dei fleste av oss grev ikkje ned løna vår eller gøymer henne i madrassa. Overskotet set vi i banken, vi kjøper aksjer, obligasjonar eller fast eigedom. Kort sagt, vi let andre forvalte kapitalen vår. I teksten om den rike mannen les vi: "Han kalla til seg tenarane sine og overlet dei alt han åtte". Ordlyden viser at det gjeld alle tenarane. Alle som høyrer til mannen sine folk, vert kalla inn og gjevne ansvar for ein rikdom. Ja, for det dreiar seg ikkje om småpengar. Dei tre som vert omtala, har etter dagens kronekurs fått ca. 5, 10 og 25 millionar kroner. Utvilsamt vil Jesus med dette seie at Gud har overlete til kyrkja, kyrkjelydane og kvar kristen å forvalte Guds kapital. Og det dreiar seg svimlande store verdiar. Kor ser vi dette i praksis? Lat oss nytte dåpen og det kristne liv som døme: Først har Gud gjeve kapitalen. Han har gjeve barnet den Heilage Ande i dåpen. Og så vert tenarane gjevne ansvar for å forvalte denne kapitalen gjennom bøn, bibel og nattverd. Kor mange er ikkje inkludert i berre dette ein dømet. I heimen og i kyrkjelyden har vi dermed eit ansvar for at det kristne livet som har byrja hos barnet får vekse og gje frukt. Alle tenararne, alle i kyrkjelyden fekk sin del av kapitalen å forvalte - det var det første.

2. Gud vil at hans kapital skal vekse

For eit par år sidan plasserte eg ein del av sparepengane mine i eit aksjefond. Etter råd frå ein økonomisk konsulent vart det valt eit fond som var basert på aksjar i Austen. Den økonomiske utviklinga i desse landa har vore alt anna enn positiv dei siste åra, og i dag er aksjane verd omtrent det eg kjøpe dei for. Det har vore eit vonbrot. Eg trudde dei på denne tida skulle ha fordobla seg i verdi. Gud har også denne forventning. Han forventar fordobling innfor eit visst tidsrom. Lat oss tenkje på kvar vår kyrkjelyd. Lat oss sjå på talet frammøtte til gudsteneste. Til nattverdsbordet. Til bibelgrupper. Til søndagsskule. Lat oss så halde fast på at Gud ventar fordobling innafor ei fastsett tidsrom. Gud vil at hans kapital skal vekse. "Gå ut og gjer alle folkeslag til læresveinar ..", sa Jesus. Så stor ville han veksten skulle vere.

3. Gud held rekneskap med sine midlar

Eg sit sjølv i lokalstyret i ein av våre sparebankar. Sparebanken har mange bedrifter som store låntakarar. Desse bedriftene forvaltar på den måten ein del av banken sin kapital. Bankstyret må årleg sjå på rekneskapa i dei ulike verksemdene. Verksemdene må på sikt gå i overskot. Eit nullresultat er i lengda ikkje godt nok. Eit nullresultat er heller ikkje godt nok for Gud. "Du låke og late tenar!" får han høyre som ikkje kan vise til vokster, men som berre leverer attende den eine talenten han hadde fått låne. Eit nullresultat er ikkje godt nok i kyrkjelydane våre. Kjem ikkje stadig nye menneske til tru, og får ikkje trua vekse og bere frukt, så vil kyrkjelydane til sist døy ut. Dette er ikkje likegyldig for Gud. Han held rekneskap med sine midlar.

Det er ein flott setning i teksten for denne søndagen. Ein setning som viser Herren sin tillit til tenararne. "Han overlet dei alt han åtte". Tenk Gud har overlate alt til oss. All hans investering gjennom Jesus Kristus er det opp til oss å forvalte i denne verda. Det er dumt når eldre menneske gøymer kapitalen sin under dyna. Måtte vi ha visdom og frimod slik at Guds kapital i denne verda kan vekse.

Geir Sørebø