IDEAR  FOR BORN I GUDSTENESTA

 

10. søndag etter Pinse

Matt 25:14-30

 

I PREIKA

I dag skal me ut på talentjakt. Kva for talent har du??

Mange barn få høyre at dei er talentfulle på skulen, i idrett, til husarbeid, til å male, til å synge…m.m. Mange barn får høyre at dei er talentlause på skulen, i idrett, til husarbeid, til å male, til å synge…m.m. Det trur eg at ikkje stemmer – men det er nok slik at me har ulike talentar i livet. Eg trur at det er mange med talent som let vere å bruke dei! Kanskje fordi ein trur at det ikkje er noko bra talent å ha, kanskje fordi ein trur at talentet nok ikkje er så viktig…, kanskje fordi ein er redd for å bli mobba??

Eg trur at Gud har gjeve oss talent i gåve. Da er det om å gjere at me ikkje vel det same som han som fekk den eine talenten og som grov han ned – slik at verken han eller andre fekk noko nytte av han. For Gud vil gjerne at me bruker av hans gåver og deler med andre. Kanskje det er vondt å få auga på kva talentet vårt er?? Leit og spør andre til råds. Du fint det til slutt!! Eit anna ord for talent i denne samanheng er NÅDEGÅVE.

 

 

EI SALME

Norsk Salmebok nr. 710         Vi rekker våre hender frem

 

LITURGI

Takkoffer                     Kva med å ofre til nokre som verkeleg treng ein utstrekt arm? La nokre fortelje kva pengane skal gå til på kunngjeringsplass.  

 

  God sommar!!  

Anne Berit J