IDEAR FOR BORN I GUDSTENESTA

Siste søndag i kyrkjeåret / domssøndag

Joh op 22:12-17

I PREIKA

Har du vore skikkeleg tyrst nokon gong? Eg meiner så tyrst at munnen og halsen er som sandpapir og det er så vidt at ein orkar å røre?? Eg har ikkje det eg. Sikkert fordi eg bur her eg bur. Det er mykje vatn over alt, og sjølv om ikkje riktig alt vatn er like godt og sundt å drikke av. Har eg ikkje mangla drikke. Hadde eg vokse opp ein annan stad, hadde nok ting vore annleis. Jesus seier i teksten "Den som tyrstar, skal koma, og den som vil, skal få livsens vatn for inkje." Sjølv om me ikkje har opplevd å tyrste skikkeleg, så skjønner me og veit at vatn er viktig. Utan vatn inkje liv. Jesus vil gje oss livsens vatn. Vatn som gjev liv, evig liv.

Siste søndag i kyrkjeåret er ein søndag med mange sterke tekstar. Denne gongen er teksten henta frå Johannes openberring. Alt er kanskje ikkje så lett og nærme seg for dei minste (mykje strevar me store med også!) Men håpet og trua på at Jesus skal kome igjen det må og dei små få med seg. Kanskje kan ein bruke tidsline frå søndagsskulen eller liknande. Fokus på at Jesus kom til jorda ein gong, han er saman med oss i dag gjennom Anden og skal komme igjen, synleg for alle. Eg kjem snart seier Jesus. Da skal alt bli nytt. Alt det leie skal bli borte, og den som vil skal få vere saman med Jesus. "Kom" seier Jesus.

EI SALME

Barnesalmeboka nr. 196: Ein dag skal alle borna (finst og på bokmål)

LITURGI

Nattverd: Tilgjeving, styrke og evig liv er noko av det me vert lova i nattverden. "Kom for alt er ferdig" kan nokre barn seie denne setninga medan dei ber brød og vin ned i midtgangen, som førebuing til nattverdutdeling gjennom intinksjon.

Guds signing!

Anne Berit Sunde J