Siste søndag i kyrkjeåret (Domssøndagen)

Matt 25,31-46

DET AVGJERANDE MØTET MED JESU MINSTE BRØR

Under krigen vart nokre engelske soldatar skotne ned under eit flytokt over Norge. Fleire hoppa ut i fallskjerm og overlevde. Mellom soldatane var to brør som greidde å flykte og tok seg fram til ei lita øy på Nordvestlandet. På øya budde det to familiar. Det var av og til tyskarar innom øya og rekogniserte, sikkert fordi dei mistenkte bebuarane her å stå i samband med folk som frakta folk til England.

Dei to engelske soldatane bad om husrom, men den første av dei to familiane som dei snakka med, avviste dei og ville ikkje ha noko med dei å gjere. Det var for risikabelt å ta dei inn i sitt hus. Den andre familien gøymde dei i eit rom i kjellaren og gav dei mat og stelte vel med dei. Ei natt kom det ei skøyte innom øya. Skøyta vart førd av ein engelskmann. Det viste seg at han var far til dei to soldatane. Begge familiane på øya ville gjerne flykte til England. Engelskmannen gjorde det klårt at han ikkje ville ha med nordmenn som hadde avvist sønene hans. Berre den eine familien vart med båten. Den andre vart att. Faren i den familien vart skoten av tyskarane nokre dagar seinare då husa på øya vart avsvidde. Kanskje kan dette glimtet frå krigsåra hjelpe oss å sjå dei sentrale trekka i teksten for denne søndagen. Tre poeng frå teksten skal nemnast:

1. På dommens dag er det eit anten - eller

På den vesle øya vart det eit anten - eller. Anten fekk dei vere med den engelske skøyta over havet eller så fekk dei det ikkje. Skipparen tok den avgjerda. Vi har vel lett for å tenkje oss at dersom alle ikkje skulle få same lagnad etter døden, så ville det verte ei gradering. Det er jo slik vi har opplevd det når vi var oppe til ein eksamen. Kandidatane vart spreidde over heile karakterskalaen. Vi høyrer at læresveinane til Jesus var inne på tanken om gradsskilnad etter døden (Matt 18,1). I Jesus sine likningar bleiknar denne førestellinga mot det heilt grunnleggjande: Til sist skal det vere eit innafor og eit utafor. Eit anten - eller. Anten får ein gå med Jesus inn til evig liv - eller så vert ein for alltid utestengd (25,46).

2. Dommen vert avgjort her på jorda

Det var ikkje tilfeldig at skipparen på skøyta tok med seg berre den eine familien over havet. Det var berre ein konsekvens av det som hadde hendt på øya før han kom for å hente sønene sine. Denne søndagens tekst gjer det klårt at vårt liv på denne jorda får konsekvensar for livet etter døden. Ja, det er faktisk her på jorda dommen vert avgjort. Og det er vi sjølve som legg dommen til rette. Også i den forstand er Guds endelege dom rettferdig, at han berre er ei stadfesting av beslutningar og handlingar som vi sjølve har gjort (Rom 2,5). Det er samanheng mellom vår handling no og Guds endelege handling.

3. Det avgjerande er korleis vi tek imot den usynlege Jesus.

Den engelske faren hadde sikkert hatt sønene sine i tankane kvar dag. Slik identifiserte han seg med dei at alle som tok imot sønene hans på ein måte tok imot han. Og alle som gjorde sønene hans vondt gjorde han vondt. Han var på sett og vis usynleg til stades. Bibelteksten for denne søndagen viser at utan at vi tenkjer over det, møter den usynlege Jesus oss gjennom andre menneske. Menneske som Jesus kallar "desse minste brørne mine". Det er verdt å leggje merke til at når Jesus i Matt 10,40-42 talar om "desse små", så er det dei som for Jesus skuld har gjort seg fattige og som reiser rundt med evangeliet, forkynner dette gratis og opplever spott og forakt. I den samanhengen heiter det: "Den som tek imot dykk, tek imot meg" (10,40) og "Den som kjennest ved meg for menneska, han skal eg og kjennast ved for Far min i himmelen" (10,32). Den endelege dommen vert avgjort av korleis vi tek imot den usynlege Jesus. Og Jesus kjem stadig vekk til oss utan prakt og glans boren av "små" menneske, akkurat som han første gong kom til jord i ein ussel stall boren av ei fattig jente. Det er når vi møter Jesus sine minste brør at vi seier fram dommen over oss sjølve. Himmelriket er kome til oss, men vi kan miste det ved å stenge for den usynlege Jesus.

Geir Sørebø