IDEAR FOR BORN I GUDSTENESTA

Siste søndag i kyrkjeåret / domssøndag

Matt 25:31-46

I PREIKA

Ide 1:

Siste søndag i kyrkjeåret eller domssundag, som den gjerne vert kalla, er ein alvorsam dag i kyrkjeåret. Det skal den få vere også, så bruk av kuule effektar og mykje styr er truleg ikkje den beste løysinga. Lat teksten søkje inn, og bruk i staden energien på å male bilete tydeleg. La både barn og vaksne i kyrkjelyden få ei oppleving av å sjå på teksten, og vere der som observatør til det heile.

Ta gjerne med ein ting opp på preikestolen: EIN KROSS. (Eller la ein tenåring stå og halde han i koret). Etter Jesus er alle relasjonar krossforma. Mellom Gud og menneske, og menneske imellom. (jamf. det doble kjærleiksbodet)

GUD

menneske menneske

menneske

Å leve krossforma er å la vår kjærleik til Gud verte synleg gjennom kjærleik til menneske rundt oss! Eit særleg ansvar har me for dei som ikkje har det så godt som oss. Å leve krossforma er og å vite at Jesus gjennom død og oppstode har gjort opp for oss, han vil leie oss trygt fram til evig liv i Guds rike. Grunnlaget for eit krossforma liv ligg i det at Gud elska oss fyrst (Joh 3:16).

Ide 2:

Bruke "Skomakaren Papanov" av Leo Tolstoj som utgangspunkt / inspirasjon. På siste søndag i kyrkjeåret kjem denne flotte forteljinga verkeleg til sin rett. Kanskje kan ein bruke utdrag av teksten, evnt. kort gjenfortelje.

---

Det er så fort gjort å bli seg sjølv nok, og gløyme at det ikkje er sjølvsagt med reint vatn, med menneske som smilar til meg eller med vener som stiller opp når ting er vanskelege. Difor er det så viktig at teksten vår kjem nett nå – når me går og snusar på julegåver og skriv ønskjelister i lange baner……..

EI SALME

Norsk Salmebok nr. 720: Vår Far, vi må bekjenne

LITURGI

Inngangsprosesjon: La ein tenåring gå inn i kyrkja med ein kross under preludiet. Han/ho kan vere aleine eller i lag med andre. La prosesjonen ha preg av ro og alvor. Folk kan gjerne sitje i benkane. Under preika kan ein godt bruke same tenåring som krosshaldar.

Guds signing!

Anne Berit Sunde J