Skjærtorsdag

Matt 26,17-29

KJÆRLEIKEN SOM UTFORDRAR SVIKAREN

Kjærleiken utfordrar. Dette er noko som mange menneske har fått oppleve i sine unge dagar. Ei kjærleiksærklæring frå ein annan kan anten føre til omfamning eller til avvising. I ein viss forstand er det dette det dreiar seg om når invitasjonen til nattverdsbordet går ut skjærtorsdag. For gjennom teksten for denne dagen skimtar vi tre utfordringar:

1. Det er vår oppgåve å feire kristen påske

I ein tettstad ikkje langt unna der eg bur, er det vanlegvis samanhengande rockekonsert i heile påska. Andre tettstader er fylte opp med andre arrangement. Ofte i konkurranse med påska sitt kristne innhald. Mange har visst gløymt kva som er påska sitt opphav. For litt sidan høyrde eg følgjande replikk sitert etter ein lett irritert mann: "No går dei kristne for langt. No byrjar dei å blande seg bort i påska også!".

"Kvar vil du vi skal stella til påskemåltidet for deg?" spurde læresveinane Jesus. Det var deira oppgåve å leggje til rette for ei påskefeiring i samsvar med Israel sine gamaltestamentlege tradisjonar. I dag er det ei stor oppgåve å gå i læresveinane sine fotspor og leggje til rette for ei påskefeiring i samsvar med dei nytestamentlege tradisjonar. Og då må vårt påskemåltid rundt nattverdsbordet vere ei sjølvsagt innleiing til påska. Eit måltid der Jesus sjølv er offerlammet.

Det kan diskuterast kor ofte ein skal ha nattverd i kyrkja. Men nattverd i påska er like sjølvsagt som flagg på 17. mai. I alle fall på skjærtorsdag. Det er vår oppgåve å feire kristen påske. Det høyrer med til denne oppgåva å leggje til rettes for nattverdsmåltidet i kyrkja.

2. Det var Jesus si oppgåve å gje seg sjølv for oss i påska

Eg kom til å tenkje på eit måltid som kona mi og eg deltok i ein sommar for to år sidan i Romania. Vi var på vitjing hos ein tilfeldig familie ute på landet som ein drosjesjåfør hadde køyrt oss til. Dei var lut fattige, men dei hadde laga til eit måltid til oss. Og dei hadde sett fram det beste dei hadde: Geitemjølk, flesk og heimelaga brennevin. Desse matrettane betydde vel ikkje så mykje for oss, men det var rørande å sitje rundt bordet med menneske som ville gje av sin gjestfridom og vere gode mot oss.

Når Jesus sit rundt bordet med læresveinane og bryt brødet og sender rundt vinen, så er det heller ikkje matrettane i seg sjølv som er det viktigaste, men den kjærleik som vert vist dei. Ein kjærleik som er så stor at Jesus gjev alt, sitt eige liv for deira skuld. Difor seier han ikkje: "Dette er mitt brød" (Det var kanskje ikkje hans brød eingong). Men han seier: "Dette er min lekam" Han seier ikkje: "Dette er min vin". Men han seier: "Dette er mitt blod". Det viktige var ikkje at Jesus gav læresveinane mat. Det viktige var at han gav seg sjølv for dei. Poenget med nattverden ligg nett i dette at Jesus gjev seg sjølv for oss.

3. Svikaren skal inviterast til bordet

I norsk kristenliv er det eitt ord som har kome til å stå sentralt når det gjeld drøftingar om nattverden. Og det er ordet uverdig. Det er ikkje nemnt at Jesus brukte det ordet i samband med nattverden. Jesus sa harde og alvorlege ord om Judas. Han sa at det hadde vore betre for det mennesket om det aldri var født. Men likevel tok Jesus han med til påskemåltidet. Han var slik omfatta av Jesus si omsorg. Det skulle ende med at Judas sjølv for på dør. Men det var det han sjølv som valde. Han vart ikkje stengd ute enno Jesus visste at han var ein svikar.

Kanskje er det nett her vi aner det grensesprengane i nattverdsfellesskapet. Her møter vi den kjærleiken som er sterkare enn døden. Den kjærleiken som inkluderer svikarar. Det er vår oppgåve i eit til dels avkristna samfunn å leggje til rette for ei kristen påske. Ei påske sentrert om Jesus sitt offer. Det offer som utfordrar alle svikarar. Då Jesus tok Judas med på påskemåltidet og såg han inn i auga, valde Judas å bryte med Jesus. Måtte alle vi andre svikarane velje å gje oss over til Jesus sin kjærleik.

Geir Sørebø