Langfredag

Matt 26,30-27,50

MED JESUS GJENNOM MØRKRET

I mange kyrkjer finst det ein lysglobe med mange små lys rundt omkring det store Kristus-lyset i midten. På langfredag går det an å starte gudstenesta med at alle lys er sløkte i lokalet utanom lysgloben der Kristus-ljoset brenn saman med eit visst tal små lys. Dei små lysa vert sløkte eitt for eitt (f.eks eitt etter første salme, eitt etter første tekstlesing, eitt etter andre salme osv). Til sist brenn berre Kristus-ljoset. Dette vert sløkt under siste setninga i tekstlesinga: "Men Jesus ropa atter med høg røyst, og så anda han ut" (27,50). (Har ein ikkje lysglobe kan ein nytte andre ljos i lokalet, f.eks eit Betlehemsljos kan gjere teneste som Kristus-ljos). Bibel-teksten fortel at det låg mørker over heile landet då Jesus døydde. Kva er det det dreiar seg om når ljoset vart borte? Tre ting som alle byrjar på bokstaven S:

1. Solidaritet

Ein slektning av meg låg på eit sjukehus med ein alvorleg kreftsjukdom. Han var svært dårleg. Eg hadde lenge tenkt på å besøke han, men eg grudde meg og det vart utsett dag for dag. Til sist reiste eg og var hjå han eit par timar. På den eine sida var det ei god oppleving. På den andre sida var det krevjande og slitsamt. Etter to timar kunne eg forlate sjukehuset, gå og kjøpe meg middag og vende attende til det "normale" livet. Slik er det alltid. Vi kan følgje kvarandre eit lite stykke på vegen i innleving og smerte, men så er det slik Bjørn Eidsvåg syng: Eg kan ikkje gråta alle tårene for deg, du må gråta dei sjølv. Det er berre Jesus Kristus som har gått vegen fullt ut og teke på seg all liding, smerte og synd. Det er dette som vert synleggjort når han friviljug døyr på krossen mellom to røvarar. Fordi han var Guds syndfrie Son som ikkje hadde eit snev av skuld, vert denne handlinga den djupast tenkjelege solidaritet med menneske.

2. Soning.

Ein episode frå barndommen kom for meg. Eg var på bøk hos ei tante, og ein kveld sat eg åleine i stova og teikna. Og av alle ting nytte eg ein pennesplitt som eg dyppa i svart lakk som eg hadde på eit lite glas. Så hende det. Ved eit uhell velta glaset og det vart ein beksvart flekk på den kvite duken på stovebordet. Eg visste med ein gong at den flekken kunne ein aldri få av igjen.

Kva gjorde eg? Eg vart redd. Eg la ei bok over flekken. Så kunne ingen sjå han før dei tok vekk boka. Og så sa eg ingen ting til nokon. Tante mi nemnde aldri den flekken. Ikkje eg heller. Han vart aldri omtala. Kor det vart av duken, veit eg ikkje. Eg såg han aldri meir. Duken var borte. Men det rare var at flekken var der like godt - inne i meg. Enno i dag kan eg sjå han. Eg kan ikkje å viska han ut. Han er ein del av meg sjølv liksom pusten og hjarteslaget. Flekken seier meg. Du var ikkje sann. Og så vil han alltid vere der som ein del av meg. Det er mange menneske som har det slik. Som har ein flekk som ein ser i sitt indre. Ein flekk som ein har lagt eit teppe over. Men ein veit at flekken er der. Ein var ikkje sann - eller ein var altfor sann. Ein såra. Ein utnytta. Ein nytta makt mot andre menneske. Ein var sjølvrådig. Ein bar på hemntankar. Ein var misunneleg. Ein var sta. Å - flekkene kan ha så mange slags fargar. Og så veit vi, dei kan ikkje vaskast vekk. Dei vil alltid vere der. Same korleis ein skjuler dei.

Det er eit underleg ord som står i Jesaja-boka: "Om syndene dykkar er som purpur, skal dei verta kvite som snø, om dei er raude som skarlak, skal dei verta kvite som ull" (Jes 1,18). Jesus sa ved innleiinga til lidingssoga: "Dette er mitt blod, paktblodet som vert utrent for mange til forlating for syndene" (Matt 26,28). Der skjedde soninga som sletta ut alle syndeflekker.

3. Siger

Det vert fortalt at keisar Konstantin den store ein gong under eit avgjerande felttog fekk oppleve eit syn. Han såg ein lysande kross på himmelen over sola, med desse orda skrivne på: "Ved dette teiknet skal du sigre". Om natta viste Kristus seg for han, vert det fortalt og baud keisaren nytte krossteiknet som vern mot fienden.

Kva var det Jesus sa til øvstepresten før han vart krossfesta: "Frå no av skal de sjå Menneskesonen sitja ved høgre handa åt Den Mektige og koma på himmelskyene" (Matt 26,64). Krossen som sigersmerket. Eller som Paulus seier om krossen: "Jesus avvæpna maktene og herredøma og stelte dei fram til spott og spe då han synte seg som sigerherre over dei på krossen" (Kol 2,15). Dette var langfredag sitt under. Då mørket var som mørkast, var sigeren sikra. Soninga var solidarisk fullført. Difor kan vi søkkje alle ljos på langfredag. Då skin påskemorgonen sitt ljos desto klårare.

Geir Sørebø