Påskedag - Kristus er oppstaden!

Matt 28,1-8

KOM OG SJÅ!

Den greske filosofen Platon fortel ein stad om paradisøya Atlantis som var ein slik vedunderleg plass å bu, men som på eitt einaste døgn sokk i havet og vart borte for godt. I ettertida har diskusjonen gått. Har øya eksistert, og kvar har ho i så fall vore plassert. Problemet er at vi ikkje har augnevitne som kan stå fram og stadfeste det eine eller andre.

Finst det eit liv etter døden? Då eg ein gong stilte spørsmålet i ein konfirmantklasse, var det ein av konfirmantane som hevda at det spørsmålet går ikkje an å svare på fordi det er ingen som har sett bak døden. Det er ingen død som har vorte levande att, sa han. Men sjølv om dette ikkje var så dumt svara av ein konfirmant, så vil nok evangelieteksten seie akkurat det motsette. Vi har augnevitne. Forteljinga om Jesus oppstode er annleis enn forteljinga om Atlantis. Ei setning går att fleire gonger i bibeltekstane. Det er setninga: "Vi har sett". Kva var det læresveinane hadde sett:

1. Dei hadde sett Jesus døy

I 1899 skreiv ein mann frå India ei bok som hevda at Jesus slett ikkje døydde på krossen. Han vart berre skada. Han greidde å ta seg ut av grava og rømde til Kashmir. Der levde han seinare i mange år før han døydde. Denne teorien har stadig dukka opp att, t.d. i Erich von Dänniken sine bøker.

Problemet er berre det at teorien ikkje stemmer med vitnemålet frå dei som såg Jesus døy. Jesus døydde ikkje på eit einerom på eit offentleg sjukehus. Kista vart ikkje diskret køyrd vekk av ein bil frå baksida av bygningen. Nei, Jesus døydde på utstilling. Ein plass der mange menneske gjekk forbi. Maria Magdalena hadde vore der på armlengdes avstand. Ho hadde sett ein soldat stikke Jesus med spydet slik at blod og vatn rann ut. Dei hadde alle sett Jesus døy.

2. Dei hadde sett at grava var tom

Ein sjeldan gong opplever vi i Norge at menneske ønskjer å opne ei grav og flytte ein som er gravlagd. Men dette vert ikkje utan vidare tillate. I alle høve er det naudsynt med godkjenning frå vedkommande bispedømeråd.

Styresmaktene i Jerusalem sikra seg også mot at nokon skulle flytte Jesus sin gravlagde lekam. Overprestane konfererte med Pilatus, han stilte vaktmannskap til disposisjon. Steinen framfor grava vart forsegla. (Matt 27,66). Ingen skulle kunne gjere krav på Jesus sin lekam. Og likevel fekk altså kvinnene sjå at grava var tom. "Kom og sjå staden der han låg", fekk dei høyre frå ein himmelsk bodberar. Og dei såg til si forundring at Jesus var borte. Han som ikkje kunne flyttast. Dei snudde seg og sprang, for dei hadde sett at grava var tom.

3. Dei hadde sett den oppstadne

Eg kjenner ei gammal kone som har teke til å dimmast på synet. Ho brukar også ulike slags medisinar. Av og til ser ho personar som er i rommet og som vi andre ikkje ser. Men i neste augneblink kan ho le av det heile og seie at det er mange slags innbillingar ein kan gjere seg når ein vert gammal og skrøpeleg.

Ein kunne kanskje tru at Maria Magdalena som dei siste døgna hadde opplevd store påkjenningar også kunne få hallusinasjonar ved grava. Men det let seg ikkje forklare at slike innbillingar skulle fylgjast av jordskjelv og lyn slik at bevæpna vaktstyrkar vart slegne til jorda. Det var i ettertid heilt klårt. Dei hadde sett ein bodbærar frå Herren. Og dei hadde sett den oppstadne (v.9). Det vert av og til hevda at kristentrua er basert på ei liek usikkert grunnlag som Atlantis sin eksistens. Det vert hevda at livet etter døden er ikkje er noko anna enn eit desperat ønskje. Men slik talar ikkje Bibelen. Bibelen seier: "Det vi har sett med augo våre, det vi såg og det hendene våre tok på, om det ber vi bod" (1 Joh 1,1). Den første påskedag skapte augnevitne: Dei hadde sett Jesus døy. Dei hadde sett den tomme grava. Dei hadde sett den oppstadne.

Difor kan det også i dag seiast til alle engstelege hjarto: "Ver ikkje redde! ... Han er oppstaden frå dei døde, og no går han føre dykk ... ".

Geir Sørebø