Treeiningssøndag

Matt 28,16-20

ALL, ALT OG ALLE

Prestar og predikantar får ofte det råd å ikkje leggje overdrive trykk på pronomen i sine talar. Det fører til ei kunstig presteaktig taleform som i verste fall kan verke komisk og distraherande. Det er sikkert noko i dette. Likevel er det ikkje til å kome forbi at treeiningssøndagens preiketekst legg avgjerande vekt på eitt pronomen, som til og med vert bøygd i ulike former (både på gresk og nynorsk). På denne måten vert tre sider ved misjonspåbodet understreka:

1. Den grenselause misjonsoppgåva

"..gjer alle folkeslag til læresveinar..". Eg ser enno for meg eit ektepar som dreiv søndagsskule i Oslo i studentdagane mine. Dei hadde gjort det i åresvis, kvar einaste søndag var dei på plass, og om våren var det søndagsskuletur med heildagsopplegg på ein leirstad. Og då var det fram med trekkspelet, og born og vaksne song så det ljoma: "Alle, alle vil vi ha med til himlens lyse land". Når Jesus baud læresveinane gå til alle folkeslag, så må dette forståast slik at alle individ på denne jorda skal kallast til å følgje Jesus. Ut frå dette må det ikkje vere grenser for kyrkjelyden sitt engasjement for å kalle menneske til omvending og etterfølging Ein må samstundes kunne arbeidet med eit misjonsprosjekt i Afrika og ein ny søndagsskule i nabolaget.

Ein dansk prest sa til meg ein gong: "Om det kjem femti eller fem personar til gudstenesta, er nett det same for meg. Eg har den same jobben uansett". Sant nok. Men har ikkje prestar og rådsorgan som tenkjer slik, gløymt den grenselause oppgåva som alltid skal driv oss framover?

2. Den komplette dåpsopplæringa

"... lærer dei å halda alt det som eg har bode dykk ..." For nokre år sidan var ein debatt i media om dåpen. Eg minnest enno eit lesarinnlegg i VG, der lesaren skreiv omtrent slik: "Det er jo klart at borna må døypast, for dei må jo få eit namn". Men det er faktisk ein stor skilnad på å døype eit skip og å døype eit menneske. Skipet får eit namn i dåpen. Mennesket - uansett alder - har eit namn, når det vert døypt. Men det vert døypt til eit namn. Dei vert døypte til den treeinige Guds namn. Det vil seie: Det skal frå dåpen av tilhøyre den treeinige Gud. Difor må den døypte gjevast eit liv, ein heim, eit miljø, ein kyrkjelyd der tilknytinga til Faderen, Sonen og Den Heilage Ande heile tida vert halden ved like. Med andre ord: Den døypte må vekse i vissa om å vere skapt, frelst og åndsutrusta. Dette er den komplette dåpsopplæringa. Jesus sa verkeleg: "Lærer dei å halda alt det som eg har bode dykk". Her har kyrkjelydane i dag ei enorm utfordring. Går det ut frå den teksten som vi no har framfor oss, an å gje barnedåp til alle som ynskjer det, dersom vi ikkje samstundes kan samarbeide om den komplette dåpsopplæringa? Det er nemleg skilnad på å døype skip, og å døype menneske.

3. Den totale oppbackinga

"Eg har fått all makt i himmelen og på jorda ... eg er med dykk alle dagar så lenge verda står"

Eg var ein gong menig soldat i forsvaret. Eg hugsa korleis vi trena på framrykking i terrenget under kamp. Dei som var i fronten skulle dekkjast av dei som låg med tungt skyts lenger bak. Dei i fronten skulle kunne springe over ei open myr i ly av kuleregnet frå baktroppen som heldt fienden nede. Eller for å bruke eit anna bilete: Det er flott og ha ein arbeidgjevar som seier til ein av sine tilsette. "Stå på med dette prosjektet. Det kan bli strid. Du kan møte kritikk. Men hugs: Du skal få full oppbacking av meg. Du har min tillit". Med ein slik arbeidsgjevar i ryggen kan eg tole ein god del motstand.

Det har aldri vore lett å drive misjon inkludert dåp og dåpsopplæring. Anten arbeidet går føre seg i kyrkjelyden i Norge eller i eit land der kristentrua er ny, vil arbeidet vere ein strid, ja, faktisk ein strid med kosmiske dimensjonar, slik Paulus seier: " For vi har ikkje strid mot kjøt og blod, men mot makter og herredøme, mot verdsens herrar i dette mørkret, mot vondskapens åndehær i himmelrømda" (Ef 6,12). I ein slik strid er det heilt naudsynt med oppbacking. Det må stå tungt skyts bak oss. Og då er det flott å sjå at Jesus sitt oppdrag til læresveinane er innramma av hans forsikring om oppbacking. Denne oppbackinga er totalt. Ho er ikkje avgrensa i styrke. All makt står bak. Ho er ikkje avgrensa i tid. Ho gjeld alle dagar.

For ein gongs skuld kjem dette rådet: Lat oss leggje fullt trykk på pronomenet når vi les og forkynner. All, alt og alle.

Geir Sørebø