1. søndag etter Kristi openberringsdag

Matt 3,13-17

"TIDEN ER MODEN. BESLUTNINGEN ER FATTET!"

Eg kjem aldri til å gløyme desse to desse to setningane: "Tiden er moden. Beslutningen er fattet".

Det var ikkje keisar Augustus som sa det. Det var ikkje Winston Churchill. Det var dåverande kyrkjeminister Gudmund Hernes. Han kunngjorde at Norge ville få den første kvinnelege biskop nokon sinne. Han kunngjorde det med denne innleiinga: "Tiden er moden. Beslutningen er fattet".

Eg vil stanse ved tre andre situasjonar der desse setningane kunne stått som ei overskrift.

1. Skapinga

Den står omtala på første side i Bibelen. Ingen ting var til. Alt var audt og tomt og mørkt. Berre Guds Ande sveiv over vatna. Det var ein gong for milliardar av år sidan. Då sa Gud: "Det verte ljos". Tida var moden. Beslutninga var fatta. Og når Gud hadde teke si beslutning, så var det ingen som kunne stanse han. Det vart sol, det vart måne, det vart jord, det vart hav, det vart land. Det vart plantar, det vart tre, det vart fisk, det vart dyr, det vart menneske. Det vart paradis på jord.

Når Gud har teke ei beslutning, så kan vedtaket aldri omgjerast, det kan ikkje nedstemmast, det kan ikkje ankast.

2. Jesus sin dåp

Den andre situasjonen las vi akkurat om. Igjen sviv Guds Ande over vatnet. Noko avgjerande skal hende. Johannes står midt inne eit godt møte ved Jordan. Menneske vert gripne av det forkynte ordet. Dei søkjer berging i Johannes sin dåp. Syndarar bøyer kne og stig ned i vatnet framfor Johannes. Dei vil omvende seg til eit nytt liv. Då kom Jesus og ville verte døypt saman med syndarane. Johannes protesterer naturleg nok. Han nektar. Men det hjelper ikkje - for tida er moden, beslutninga er fatta. Jesus seier: "Dette må vi gjere for å oppfylla all rettferd". Og at handlinga er i pakt med Guds plan, vert stadfesta frå himmelen: "Dette er Son min han som eg elskar, han som eg har hugnad i". Når Jesus har teke ei beslutning, så kan vedtaket aldri omgjerast, det kan ikkje nedstemmast, det kan ikkje ankast. Frå no av var Jesus knytt til syndarar på ein slik måte at han var eitt med dei i liv og død. Tida var moden, beslutninga var fatta.

3. Vår dåp

Den tredje situasjonen har dei fleste av oss vore gjennom ein gong i vårt liv. Då sveiv Guds Ande atter over vatnet. Over dåpsvatnet. Våre foreldre hadde funne ut. Tida er moden. Barnet må verte døypt. Presten stilte spørsmålet: Vil de at dette barnet skal døypast til namnet åt Faderen, Sonen og Den Heilage Ande og oppsedast i den kristne forsaking og tru? Svaret var ja. Beslutningen var fatta.

Foreldre si beslutning saman med Guds beslutning om å gje barnet del i Guds rike.

Vi har no stansa ved tre beslutningar:

Guds beslutning om å skape ei god verd med menneske i Paradis - Jesus sin beslutning ved sin dåp om å frelse det fortapte menneske - Vår beslutning om å ta imot frelsa Gud tilbyr oss.

Vi må nok erkjenne at alle beslutningar som menneske tek, har sine begrensningar. Eg såg eit par som stod for altarringen. Glade gav dei kvarandre sitt ja. Tida var moden. Beslutninga var fatta. Eg såg det same paret gå frå kvarandre i ei trist skilsmisse nokre år seinare. Det er godt Guds beslutning ikkje har slike begrensningar.

Ein eldre prest eg kjenner, hadde ein fast praksis når det kom nokon og melde seg ut av Den norske kyrkja. Då laga presten ein utmeldingsattest som var formulert omtrent slik: "Du er no av eigen vilje utmeld av Den norske kyrkja, men din dåp vil alltid stå fast og vere gyldig". Her gav presten ei overlag viktig påminning. Vi kan vakle og ombestemme oss. Men ikkje Gud. For Jesus var trufast. Han gav seg ikkje på halvvegen. Han gjekk ikkje trøytt då han møtte motstand. Ved vår dåp tok føresette ei beslutning. Det er naudsynt at den døypte sjølv tek ei beslutning. Slike beslutningar er avgjerande, men ville likevel vere utilstrekkelege dersom ikkje Faderen hadde teke ei beslutning som vart bekrefta av Sonen då han var døypt til samliv med syndarar. Ei beslutning som får konsekvensar for vår dåp.

Korleis kan eg som truande syndar vere sikker på mi frelse? Jau, frelsa byggjer på ei beslutning. Ikkje på mi beslutning. Ikkje på kyrkjestatsråden si beslutning. Men på Jesu beslutning. Ved hans dåp var tida moden. Beslutninga var fatta. Jesus sa: "Lat det no skje! Dette må vi gjere for å oppfylla all rettferd".

Geir Sørebø