IDEAR FOR BORN I GUDSTENESTA

1. søndag etter Kristi openberring

Matt 3:13-17

I PREIKA

Tsunami og dåp. To ord som kvernar i hovudet på meg. Viktige ord for gudstenesta me går i møte; den store skremmande bølgja og det varme vatnet som forsiktig vert helt i døypefonten. Kan eg få dei til å "henge saman"? Teksten handlar om da Jesus vart døypt i Jordanelva av Johannes. Kanskje er det også dåp i gudstenesta der du er, slik det er her hos meg? Og tankane våre går framleis til den store katastofa som ramma så mange fleire menneske enn me kan orke å telje, 2. juledag i søraust Asia. Og sjølv om kvardagen kryp seg innpå oss, er det framleis nært og riktig å ta det med i ord, bøn og handling (takkoffer).

Var det Gud som ville tsunamien? Som ville straffe menneske? Eg har høyrt nokon sagt/skreve det, men kan ikkje skjøne at det stemmer. For kva gjorde ikkje Gud etter at Noa endeleg fann tørt land etter storflaumen? Jo han sette ein REGNBOGE i sky og sa: "Aldri meir skal vatnet verta til ein storflaum som tyner alt liv. Bogen skal koma i skyene; eg skal sjå han og minnast den pakta som alltid skal vera mellom Gud og kvar levande skapning som rører seg på jorda." (1. Mos 9:15b-16) Kanskje skal me ta med oss regnbogen inn i gudstenesta (lage av papp eller ty e.l.) slik at me kan sjå han og kjenne oss trygge på Gud?? Gud vil ikkje at menneska skal døy; men han er med alle som lid.

Gud la ein ny plan, ein plan der han ikkje ville utslette menneske. Jesus var den planen. Ved sida av regnbogen kan me sette ei krubbe (jula), ei due (dåpen/ Den Heilage Ande) og ein kross (død og oppstode). Gud har straffa menneska ferdig; ein gong for alle på krossen.

EI SALME

Norsk Salmebok nr. 64: En krybbe var vuggen

LITURGI

Forbøn og takkoffer: Bøn gjennom ord og handling, til dei mange som framleis treng oss i dei landa som vart berørt av tsunamien. Me vil også hugse å be for menneske i Norge som er ramma. Barn kan gjerne vere med og tenne ljos eller samle inn offer. Kan nokon førebu noko dei skal seie under kunngjeringane?

Guds signing!

Anne Berit Sunde J