1. søndag i faste

Matt 4,1-11

DET STORE ANTEN-ELLER

Under krigen, i 1943, var det ein norsk prest som ein dag fekk ein telefon frå feltprosten, som straks sa omtrent slik til presten, og eg siterar frå ei bok som seinare kom ut:

"Kirken ønsker at en av våre prester melder seg frivillig, og reiser med norske offiserer i tysk fangenskap. Den som reiser skal opprettholde Den norske kirkes prestetjeneste der nede i krigsfangenskapet, og må være i fangenskap sammen med offiserene så lenge krigen varer, enten det blir to måneder eller 20 år".

Presten svara då: "Hvorfor sier du dette til meg". Og feltprosten sa: "Jeg sier det til deg fordi jeg på vegne av Den norske kirke kaller deg til å gjøre denne oppgaven". Dette vart ein vanskeleg anten-eller-val. Presten kunne valt å ordne seg slik at han hadde eit trygt tilvære i prestebustaden i Norge saman med kona si og borna. Han valde friviljug fangenskapet i konsentrasjonsleiren.

Jesus fekk det store anten-eller-valet då han tok fatt på si gjerning. Det var eit val mellom:

1. Liv i velstand eller liv etter Guds ord

Ei dame eg kjenner skulle hente bilen på verkstaden etter ein større reparasjon. Ho fekk valet mellom å betale utan rekning til ein rimeleg pris eller med rekning til ein langt høgare pris. Ho kunne sjølvsagt ha valt det billegaste og sagt at det ikkje var hennar ansvar korleis verkstaden innretta seg. Men valde det dyraste alternativet. For ho ville ikkje verte medansvarleg i svart arbeid. Ho ville leve etter Guds ord.

Jesus trong jo aldri ha vorte svolten eller fattig eller opplevd liding. Han kunne valt å nytte sine undergjerande evner til å skaffe seg alt han hadde lyst på til ei kvar tid. Han valde annleis. Han valde å leve etter og av Guds ord og ta dei fysiske plagene som det medførde. "Mennesket lever ikkje berre av brød, men av kvart ord om kjem frå Guds munn".

2. Liv som kjendis eller liv i age for Gud

Eg høyrde for litt sidan i eit radioprogram at det var ein som hevda at Monica Lewinsky kjem til å verte det som han kalla for eit nytt kvinneikon. Altså eit nytt idealbilete av ei kvinne. Slik som lady Diana vart det. Industrien er alt i ferd med å lage massevis av Lewinsky souvenirar. Snart kjem det Lewinsky-skjerf, Lewinsky-tallerkar, Lewinsky-viskelær. Slik er det i vår mediaverd. Vert du kjend, vert du rik. Du får sponsorinntekter. Du kan skrive bok om ditt liv og tene millionar.

Mirakelmenn har alltid vorte kjendisar. Og dei har ofte vorte rike. Slik var det også på Jesus si tid. Eit stunt frå kanten av tempelmuren og ned i dalen der hopparen landa uskada ville vore meir sensasjonelt enn eit hopp i Trollveggen i dag. Men for Jesus ville ein slik demonstrasjon ha vore eit brot med det første og største bodet: "Du skal elska Herren din Gud av heile ditt hjarta og av heile di sjel og av alt ditt vit". Difor måtte han svare djevelen: "Du skal ikkje setja Herren din Gud på prøve".

3. Liv med makt eller liv i tilbeding av Gud

Jeltsin sin atomkoffert har i mange år vore eit kjent omgrep i Vesten. Eit slags stresskoffert som presidenten skal ha med seg og som inneheld kodar og utstyr til å setje i verk ein atomkrig. Ein krig som ville kunne leggje verda aude. Atomkofferten er eit av dei fremste symbola på den makt som einskilde statsleiarar sit med. Det er for mange framgangsrike menn eit mål å skaffe seg makt. Jesus kom til å møte ein mann som sa: "Veit du ikkje at eg har makt til å gje deg fri og makt til å krossfeste deg?" (Joh 19,10). Men sjølv avstod han frå å ta makta over alle verdsens rike og sa: "Herren din Gud skal du tilbe, han og ingen annan skal du tena".

Det store anten-eller som Jesus vert konfrontert med er dette: Kven skal sigre - Gud eller djevelen? Jesus avslo å vere Jesus Christ Superstar. Han valde å vere den lidande Menneskesonen. Han valde friviljug eit liv i det fangenskapet vi menneske var komne i. Slik tapte djevelen. Slik sigra Gud. Vi møter dei same freistingar som Jesus, og atter er spørsmålet: Kven skal sigre? Eit liv nær Jesus, er eit liv på sigerherren sitt lag. Og ikkje minst i fastetida skulle dette vere vår daglege bøn: Før oss ikkje ut i freisting, men frels oss frå det vonde, for riket er ditt og makta og æra i all æve.

Geir Sørebø