Helgemessesøndag

Matt 5,1-12

GRATULERER MED TRUA DU HAR FÅTT!

Ein mann som hadde oppnådd mykje gjævt i livet og fått både medaljar, premiar og heider, opplevde det som for han vart det aller største: Han vart ein kristen. Etterpå sa han det var underleg at ingen kom og gratulerte han med dette. Dette som var langt større enn ein noregsmeistarskap. Jesus gratulerer. Han gratulerer alle dei som har fått den vedunderlege kristentrua som er ei kraft i ulike livssituasjonar. Jesus nemner konkret fleire slike livssituasjonar i teksten for denne søndagen. Lat oss stanse med dei tre første gratulasjonane:

1. Sæle dei som er fattige i seg sjølve, himmelriket er deira.

Eg hugsar for nokre år sidan eg møtte ei kvinne som hadde vore misjonær i Afrika i mange år. Ho var komen heim. Ho hadde brukt ein stor del av livet i misjonsarbeidet. Lita inntekt hadde ho hatt, og då ho kom heim, hadde ho nesten ingen ting av eigneluter her. Ikkje hus, ikkje møblar, ikkje bil, ikkje pengar i banken. Men då eg møtte henne, så undra det meg at ho var så fornøgd med livet. Det var sikkert ting ho sakna. Det var sikkert ting ho skulle hatt, men ho klaga ikkje over det. Ho visste at ho hadde ein annan og større rikdom.

Det går an å vere lut fattig og likevel rik. Det går an å vere så fattig at ein ikkje ser noko ein kan byggje på i seg sjølv og samstundes kan ein vere så rik at ein eig heile himmelen.

Eg har møtt rike menneske, som alltid klagar. Klagar over skatt og avgifter, klagar over dårleg søvn og sure naboar. Dei har alt, men blir liksom aldri fornøygde likevel. Då er det kanskje ikkje så rart at Jesus gratulerer dei som er både fattige og fattige i seg sjølve, men som likevel kjenner seg så rike i Gud at dei eig himmelen.

2. Sæle dei som syrgjer, dei skal verta trøysta.

Ein kollega av meg fortalde at han hadde fått i oppdrag å gå til ein ungdom for å fortelje at far hans var omkommen i ei ulykke. Ungdommen heldt på å sparke fotball på skuleplassen då presten kom. Då presten hadde fortalt kva som var hendt, sa han berre: "Takk for beskjeden". Og så heldt han fram med ballspelet som om ingen ting hadde hendt.

Tenk så trist og vondt det er å ikkje makte og våge å sleppe sorga laus. Så vanskeleg det er når tapet vert så knusande at det må leggjast lokk på. Sæle dei som syrgjer, seier Jesus. Sorga er eigentleg kjærleiken si røyst. Kjærleiken si røyst som seier at du var så uendeleg verdfull for meg. Eg var så glad i deg. Sorga skal eigentleg vere vona si røyst. Sorg er ikkje det same som fortviling. Sorga seier at vi er skilde frå kvarandre og at vi lengtar etter å sjå kvarandre att. Ja, at vi av Jesu nåde skal få den trøyst som han har lova oss. Og den som kan sørge og leve i denne trua, han vert gratulert av Jesus. Og det er ikkje rart for han har fått den trua som har overvunne døden.

3. Sæle dei tolsame, dei skal arva jorda.

Eit typisk bilete på vårt samfunn, er børsen. Millionane skifter eigar på få sekundar. Det gjeld å vere snar. Oppmerksam. Det gjeld å kjøpe eller selje i det rette sekundet. Det gjeld å skrike ut straks noko er ferd med å gå gale. Det gjeld å vere pågåande og utolsam. Dei utolsame skal arve Norsk Hydro. For oss er dette som ei naturlov. Det er effektiviteten som gjev resultat.

Ei kvinne har levd med leddgikt ein stor del av sitt liv - og bede til Jesus om å verte frisk. Ein far bed for son sin som er alkoholikar kvar kveld i år etter år. Ei mor bed for si dotter, ho har bede så lenge. Det er fort gjort å seie: Det nyttar visst ikkje. Kva meining kan det ha? Jesus gratulerer dei som held ut. På Helgemesse anar vi kanskje kvifor når vi ser attende på dei kristne som har levd i generasjonar før oss. Dei var ofte tolsame og difor kunne dei gje trua vidare til oss. Dei kunne halde ut betre enn vi moderne stress og nytingsmenneske. Dei hadde kanskje sett at ein kristen må vere tolsam fordi han må vone på noko han ikkje ser og tru på noko han ikkje veit. Kunne vi lære av Jesus å gratulere kvarandre med den tolsame trua som gjer fattige rike og sørgjande fulle av von. For den som Den Heilage Ande har gjeve denne trua, er ikkje noko mindre enn eit heilagt menneske, ein helgen.

Geir Sørebø