Helgemessesundag

Matt 5,13-16

UTAN SALT OG LJOS STOPPAR LIVET

Det er mange som tek seg ein tur på kyrkjegarden ein Allehelgensdag. Ein går til ei grav og minnest menneske som stod ein nær. Vi minnest menneske som gav oss liv og gleder - og ikkje minst - menneske som gav oss tru.

Bibelen sin evangelietekst møter oss denne dagen med to bilete knytt til salt og ljos. Kva har desse bileta med Helgemessesundag å gjere? Lat oss stanse litt opp ved saltet og ljoset:

1. De er saltet på jorda!

I sommar ein gong sette eg ut djupvassline i sjøen og fekk mykje fisk. Det meste vart filetert med ein gong og lagd i salt, men nokre få fiskar vart gløymde og vart liggjande att usalta i ein balje. Neste dag var dei usalta fiskane forderva og begynt å lukte ille i sommarvarmen. Dei salta filetane var god og fin mat.

"De er saltet på jorda", sa Jesus. Han sa det til læresveinane sine. Kva kunne han meine med det?

Han måtte vel meine noko i retning av at de eig den krafta som hindrar at livet på jorda vert forderva. Den krafta eig dei som trur på meg og som lever etter min vilje. Det er dei som held det gode livet oppe.

Eg tenkjer på ei gammal lærarinne som døydde for nokre år sidan. Ho var ei merkeleg dame. Heilt til det siste var ho ein levande engasjert kristen. Eg har møtt tallause menneske som hadde opplevd hennar kristendomsundervising i skulen. Eg har møtt menneske som utanom skulen hadde lært noko verdifullt om kristen tru av henne. Eg veit ho dei siste åra brukte mykje tid til å be for andre menneske. Menneske som hadde det vanskeleg i livet. Eg trur det er mange som ville kunne seie: Ho var salt på jorda. Ho formidla ei god kraft til oss andre. Ei god kraft som var med på å halde oppe det gode livet.

2. De er ljoset i verda!

På Allehelgensdag minnest eg bestemor mi som eg voks opp i lag med heime på garden. Ho trudde på Jesus. Då eg var liten gut, hadde eg soverom oppe i 2. etasje, og ho hadde soverom i første etasje rett under meg. Kvar kveld kunne eg høyre ho song eit salmevers og bad Fadervår høgt før ho la seg til å sove. Det betydde noko for meg då eg var gut å oppleve at det var vaksne menneske som viste i praksis at trua på Jesus var viktig for dei. Når den kristne trua fekk vokstervilkår i mitt eige sinn, så var det ikkje minst på grunn av det eksemplet som dei hadde vist meg. Dei hadde vore ljoset for meg. Det ljoset som gjorde at trua kunne vekse.

Eg høyrer ikkje så radt sjeldan at foreldre seier når dei kjem til dåpen med borna sine: "Vi ynskjer å døype barnet vårt, fordi vi vil at barnet skal få høve til å velje sjølv om det vil det vil satse på den kristne trua". Dette er jo ein rett og fin tanke. Men i tillegg er det viktig at foreldra og fadrane tenkjer og veit: Vi er ljoset for barnet. Vi vil ikkje at barnet skal vekse opp i eit mørkt tomrom når det gjeld kristentrua. Vi vil vise i praksis kva ho betyr for oss. Vi vil ikkje setje ljoset vårt under eit kar, men late det skine for alle i huset.

"De er ljoset i verda", sa Jesus. Dette gjeld ikkje berre læresveinane, men kvart menneske som vil følgje Jesus etter i tru og liv.

3. Ljos og salt - det vanlegaste og billegaste på jord

No avdøydde kollega av meg, prost Steinar Ihle, fortalde at det var ein av hans konfirmantar ein gong som skulle seie fram ei kjend salme, og som las det andre verset slik:

Å tenk når Herrens vitnehær,/ hans tenarar på jord,/ dei millionærar møter der,/ som høyrde deira ord.

Og dette vart jo ikkje heilt rett. Ein treng langt frå vere millionær for å kome med i den store kvite flokken. Ein kan vere fattig og arm. Det er berre ein ting det kjem an på. Det er om ein vil vere Jesus sitt salt og ljos. Salt og ljos er ikkje eksklusive varer. Salt og ljos er det vanlegaste og billegaste på jord. Vanlege menneske har vore salt og ljos for oss. Og i dag er Jesus sine ord adresserte til oss vanlege menneske som trur på han. De er saltet på jorda! De er ljoset i verda!

Geir Sørebø