IDEAR FOR BORN I GUDSTENESTA

Helgemessesøndag

Matt 5:13-16

I PREIKA

Er du glad i salt?? Det er visst ikkje så fælt sundt å ha for mykje i maten… Men saltet kan meir enn å gje den vesle ekstra smaken – det kan konservere maten. Hindre at maten rotnar! Tidlegare (før kjøleskap, kjølerom og frysarar) var saltet langt meir viktig. Heime på garden eg kjem frå luktar det framleis salt av den store dunken som svinekjøtet vart nedsalta i. Der fekk det ligge i store mengder salt og godgjere seg.

Treng me salt i kyrkja?? Eg og du skal vere saltet på jorda, seier Jesus. Gje spørsmålet til ei gruppe unge i kyrkja (konfirmantar el.l.) – la dei fyrst jobbe med kva saltet gjer. Så finne svar på kvifor Jesus brukar salt som bilde i teksten. Kva er det Jesus ber oss om å vere??

Det andre bilde Jesus brukar er ljos. Ljos er noko velkjent i kyrkja, det er ikkje mange gudstenester gjennom året som ljosa på altaret ikkje skin. Ljos er eit av dei mest velbrukte bilde på Jesus. Han er verdas ljos, seier me når dåpsljoset vert gjeve under dåpen. Jesus seier at me og skal vere ljos! Me skal skine slik ein by oppe på ei høgde gjer det for alle som går forbi.

Kva meining har ljosa i kyrkja?? Eg og du skal vere ljoset i verda, seier Jesus. Gje og dette spørsmålet til ei gruppe unge. La dei fyrst finne ut kva me treng ljos til slik i kvardagen. Så finne svar på kvifor Jesus brukar det som bilde i teksten. Korleis skal me vere ljos i verda??

La dei unge få presentere sine svar i preika. Gjerne ved hjelp av illustrasjonar eller drama.

EI SALME

Barnesalmeboka nr. 155: Lyset er kommet til verden

LITURGI

Utsendingsorda: Utvid utsendingsorda slik at dei får med at å tene Herren med glede også tyder å vere lys og salt i verda. Bruk ferdigformulerte eller eigenskrivne ord. Idear kan finnast på www.kui.no , www.nca.no , www.kirken.no , www.liturgisksenter.no .

Guds signing!

Anne Berit Sunde J