7.s.e. pinse

Matt 5,20-26

DET VIKTIGASTE BODET?

Eitt av dei første åra eg hadde konfirmantundervising, gjorde eg ei lita undersøking mellom konfirmantane om kva for eitt bod dei tykte var viktigast. Og då var resultatet dette at bodet "Du skal ikkje slå i hel" er det viktigaste av alle. Var det noko ingen ville gjere eller kunne tenke seg at dei nokon gong kom til å gjere, så var det å slå i hel. Å arbeide om søndagen eller å lyge ein gong i mellom, meinte konfirmantane alle kunne kome ut for, men ikkje slå i hel. Når Jesus i Bergpreika tek fram dette bodet, så er likevel saka ikkje så enkel. "De har høyrt det er sagt", seier han. "Men eg seier dykk". Det Jesus så i røynda seier, er dette: De har alle slege i hel. Så nemner han tre måtar som vi har gjort dette på:

1. Vi har slege kvarandre i hel med vårt sinne

Eg gløymer aldri ein episode frå skuledagane mine. Eg trur eg gjekk i andre eller tredje klasse. Det var ein liten landsens skule med alle klassane i lag. Læraren skulle undervise ein av dei eldre klassane om kilometer. Han peika på eit hus i bygda med meterstokken og sa at dersom denne stokken hadde nådd like bort til huset, så hadde stokken vore ein kilometer. Då kunne eg ikkje tie lenger. Eg sa: "Det er ikkje sant. Bestefar min har forklart meg kva ein kilometer er for noko, og det er minst dobbelt så langt som det der". Då eksploderte læraren. Han vart aldeles rasande og eg fekk ei overhøvling som eg kom til å hugse for resten av livet. Eg kjende meg mest som slegen i hel. Og det verste av alt var at eg var sikker på at eg hadde rett.

Etter kvart har eg vel innsett at læraren min ikkje er åleine om å reagere slik. Eg har sjølv gjort det. I staden for å lyde på andre menneske og forstå deira situasjon, kan eg ha vorte irritert og slengt ut ord som eg etterpå forsto var heilt meiningslause og som såra i staden for å hjelpe. I Salomo sine ordtøkje står det: "Snarsint mann valdar strid og trette, og den brålynde gjer mykje vondt". (Ordt 29,22). Kva var det Jesus sa i Bergpreika igjen: "Den som vert sint på ein annan, skal kome for domstolen."

2. Vi har slege kvarandre i hel med vår forakt

Henrik Wergeland har eit gripande dikt som heiter Juleaftenen. Om jøden Jakob som i snøstormen finn ei lita forfrosen jente i skogen og som kjempar seg fram til næraste hus og bankar på for å be om hjelp. Folket på garden slenger døra igjen når dei ser jøden. Det var i ei tid jødeforakten sat djupt forankra i folket. Neste morgon finn dei han frosen i hel utafor døra, i armane har han eit ihelfrose barn - som viser seg å vere deira eiga dotter som skulle vere på besøk på ein av nabogardane julaftan, men som hadde prøvd å gå heim att åleine. Vil ikkje Wergeland seie det same som Jesus: Forakt for menneske, er å true livet til desse. Ja, det er til sjuande og sist å ta liv og å miste liv. Eg seier dykk: "Den som seier til ein annan: Din fåming, skal koma for Det høge rådet". Forakt er ein måte vi tek livet av vår neste på. Eller som Johannes skriv: "Den som hatar bror sin, er ein mordar" (1 Joh 3,15).

3. Vi har slege kvarandre i hel med vår fiendskap

Det var ei sjokkoppleving for meg som teologisk student å oppdaga at det i vår kyrkje hadde levd teologiske professorar som hadde vore så fiendtleg innstilte til kvarandre at dei ikkje kunne snakke saman. Og som til og med skreiv bok som kom ut posthumt for å vise at ein hadde rett. Den knusande fiendskapen finst ikkje berre i krigssoner. Han finst i bygdelag, i familiar og i kyrkja. "Ver snar til å semjast med motparten din", seier Jesus. Først når du har gjort dette, skal du kome fram for Gud.

Luther har sagt at når vi les denne teksten frå Bergpreika, så vil det første vi opplever vere at Gud anklagar oss og at samvitet vårt forsvarer oss og seier at dette kan ikkje vere sanninga om meg. Men etter kvart som vi studerar teksten, seier han, så vil alt endre seg. Rollane vert ombytta. Samvitet vårt tek til å føre anklage mot oss og seier at Gud talar sant. Og då skal vi få oppleve noko merkeleg, Rollene vert ombytte. Gud vil forsvare oss. Lat oss merke oss kva Jesus sa aller først i det vi las i dag. "Er ikkje dykkar rettferd mykje større enn rettferda åt dei skriftlærde og farisearane, kjem de aldri inn i himmelriket". Etter å ha lese dei følgjande versa, må vi vel seie: "Rettferda vår er ikkje større". Når fortvilinga når oss, og vi ser at vi ikkje kan nå himmelen, då kjem Gud og vil ta oss i forsvar. Han kjem og vil gje oss rettferd. Høyr kva Paulus skriv: "Dette er Guds rettferd, som vert gjeven ved trua på Jesus Kristus, til alle som trur. Her er det ingen skilnad, for alle har synda, og dei er utan del i Guds herlegdom. Men utan at dei har fortent det, vert dei sagde rettferdige av hans nåde på grunn av utløysinga i Kristus Jesus" (Rom 3,22ff). Du skal ikkje slå i hel. Dersom dette bodet kan få oss til å tru og gripe nåden gjennom Jesus, så er det verkeleg det viktigaste bodet!

Geir Sørebø