14. søndag etter pinse

Matt 5,43-48

GÅR DET AN Å ELSKE SINE FIENDAR?

Kva er ein fiende? Er ikkje det ein som vi hatar? Slik er normal språkbruk. Slik er ein naturleg tankegang. I Bergpreika gjev Jesus oss eit glimt av eit anna liv. "Det er skjedd noe på tilværelsens skueplass som du må la deg opplyse om", seier ein kjend teolog (H. Thielicke). Og kva er det vi må opplysast om? Det er ut frå desse seks bibelversa følgjande:

1. Gud behandlar alle likt

Eg var i ein skuleklasse. Det var ein elev som var død. Eg var i skuleklassen for å hjelpe lærarar og elevar med å arbeide seg gjennom sorga og inntrykka. Uti timen spurde eg: "Er det nokon som vil seie litt om kva han tenkjer på no?" Det vart stille. Så om litt var det ein som sa: "Eg tenkjer på at livet er så forferdeleg urettferdig". Det er ikkje vanskeleg å vere samd med denne utsegna. Å leve kan ein kome til å samanlikne med å satse på lotto. Nokre få er heldige og får den store gevinsten. Langt fleire får utbetalt ein liten slump av livets goder. Og mange får lite eller ingen ting att for innsatsen. Om du er fødd i Noreg eller Sudan, om du er fødd med alkoholiserte foreldre eller foreldre som er avholdsfolk, om du vert råka av kreft som ung eller får leve eit langt friskt liv, kan verke heilt tilfeldig.

Likevel må vi kunne halde fast på at Gud handsamar alle likt. "Han let si sol skina over vonde og gode, og let det regna over rettferdige og urettferdige". Jesus gjorde dette klart. Han besøkte rike og fattige. Friske og sjuke. Han var i lag med folk som var respekterte og folk som var avskydde i samfunnet. Han behandla alle likt. Folk kunne aldri skjønne dette. Mange vart rasande då dei såg det. Vi opplever Jesus si handling nesten naturstridig. Men slik er Gud, han handsamar alle likt.

2. Vi gjer ut frå vår natur skilnad på folk

Ei avis avslørte for nokre år sidan at folk med Mercedes fekk mykje betre service på ein bestemt bensinstasjon enn folk med folkevogn. Når ein med ein stor Mercedes stoppa og skulle fylle bensin, kom innehavaren av stasjonen springande og tok pumpa. Men når den gamle bobla kom trillande, såg han knapt opp frå avisa. Vi gjer alle skilnad på folk.

Staten gjer det. Lærarane får mindre i løn enn legane. Og lærarane kan for sin del gjere skilnad på elevar. Eg hugsar frå realskulen at den gamle tysklæraren kalla ei søt jente i klassen for si spesielle venninne. Henne skjente han aldri på. Kva er eigentleg synd? Er ikkje dette synda sitt innerste vesen. At vi er mest glade i oss sjølve, så er vi nest mest glade i dei som likar oss og dei som liknar oss. Og så kan vi ikkje fordra dei som er annleis enn oss.

Jesus seier i teksten for dagen: Om de elskar dei som elskar dykk, er det noko å løne dykk for? Gjer ikkje tollarane det same? Og om de helsar venleg på dykkar eigne, kva stort gjer de då? Gjer ikkje heidningane det same?

Dette er ei av våre store synder. Vi gjer skilnad på folk. Det fører til at verda vert vanskeleg å leve i. Det fører til motsetnader mellom menneske og mellom nasjonar.

3. Gud vil vi skal elske alle slik han elskar oss

Jesus nemner spesielt ei gruppe. "Elska fiendane dykkar, og bed for dei som forfylgjer dykk".

Eg hugsar ei programinnslag i fjernsynet om ein mannen som hadde hatt innbrot i hytta si på Norefjell. Vi såg alt det hærverket som var gjort. Alt inne i hytta var knust til pinneved. Dei hadde rive sund gardinene, knust alle vindaugsrutene og skote med hagle på panelen. Vi høyrde kor forbitra eigaren av hytta var, han antyda at ein skulle ha kappa fingrane av dei som hadde gjort det.

Og så seier Jesus: "Elska fiendane dykkar, og be for dei som forfylgjer dykk".

Det er sikkert menneske du likar mindre enn andre. Kunne du tenkje deg at du i morgon kjøpte eit par roser og gjekk til den du lika aller minst og som du har aller mest imot og sa: Denne skal du ha fordi eg er glad i deg. Ville vi gjort det dersom vi var i mannen på Norefjell sin stad.

Går dette i det heile teke an? Eg veit berre om ein som har greidd å praktisere dette fullt ut: Det er Jesus sjølv. Han som ikkje gjorde motstand då han vart gripen, men som bad for dei som pinte han og sa: "Far forlat dei for dei veit ikkje kva dei gjer".

Og det er dette som gjer Jesus så eineståande i verdshistoria. Han møtte ikkje hat med hat. Ikkje vald med vald. Men han møtte hat og vald med ein heil og udelt kjærleik. Han sigra over den vonde makt med si kjærleikskraft.

Desse tankane rundt teksten munnar ut i ei bøn:

Kjære Gud, eg har gjennom mitt liv synda mot deg fordi eg har handsama menneske så ulikt. Slik er naturen og slik er min natur. Men i dag har eg ei von. Vona er at du er heilt annleis. At du handsamar alle likt. At du tilbyr meg den same frelse som du tilbaud apostlane. Måtte den vona gje meg kraft til å leve meir etter Jesus sitt eksempel.

Geir Sørebø