16. søndag etter pinse

Matt 6,24-34

DET "GODE" BILETET

Kvart år er det i pressa kåringar av årets bilete. Kva for ein pressefotograf har teke det beste biletet? Og kva er eit "godt" bilete? Det har slege meg at vinnarbileta ofte har vore prega blod og tårer. Men vold åleine skaper ikkje eit godt motiv. Eit godt motiv må også formidle livstru og livsmot. Kva er eit "godt" bilete av livet? Spørsmålet reiser seg også når den flotte teksten frå Jesus møter oss i søndagsteksten i dag. Teksten skaper sikkert ulike bilete i sinnet vårt:

1. Eit bilete frå Bibelen

Ei jente i familien min er misjonær for Ungdom i Oppdrag i Kviterussland. Det som er det spesielle med den misjonsorganisasjonen, er at misjonærane ikkje får løn. Dei må skaffe seg noko å leve av sjølve. Jenta eg kjenner er også gift med ein gut i same organisasjonen som arbeider på same vilkår. Då eg snakka med dei like før dei reiste ut første gongen, fortalde dei at dei enno mangla 30 000 kroner for å kunne reise og starte opp. Kvar dei skulle få dei pengane frå? Nei, det trudde dei at Gud ville ordne. Kva dei skulle leve av når dei kom til Kviterussland. Nei, det var dei ikkje engstelege for, for dei trudde at Gud hadde omsorg for dei. Dei reiste i hans teneste og då stolte dei også på at han gav dei det dei trong for å utføre tenesta. Dei kunne vise til at det står i Bibelen, ja, i det som er teksten denne søndagen: "Når Gud såleis kler graset på marka, det som står i dag og verta kasta i omnen i morgon, kor mykje meir skal han ikkje kle dykk de lite truande!" Eit vakkert bilete frå Bibelen.

2. Eit bilete frå livet

Eg ser enno for meg den stapp fulle kyrkja i bygda vår. Heile skulen med lærarar og elevar var der. Ein gut på 13 år vart gravlagd. Han hadde vore sjuk i nokre månader og døydde førre veke av ein sjukdom som ingen har funne ut av. Massevis av blomar pynta kyrkja. Mange vakre helsingar kom fram. Men det gnagande spørsmålet låg i lufta: Kvifor døydde han? Når Gud syter for liljer og sporvar, kvifor let han så ikkje ein god gut få attende helsa? Kvifor let han guten døy av ein sjukdom som ingen visste namnet på? Kvifor let han veslesyster og far og mor sitje att med ei sår sorg og eit uboteleg tap. Kvifor vart ikkje Guds omsorg synleg? Eit vondt bilete frå livet

3. Biletet med ljos og skugge

Eit godt fotografi har både ljos og skugge. Livet har nemleg begge deler. Det var underleg å følgje Diana si gravferd i 1997. Nokre timar stansa verda opp. Gatene var tomme. I Norge vart valkampanjene avlyste. I England stod var det stille over landet. Alle butikkar stengde. Det var stille i alle byar. Det var ingen opptøyer. Det var ingen bomber i folkemengda. Det var visst ingen som var redde. Folk hjelpte kvarandre, folk som overnatta i gatene delte matpakkane med kvarandre. Det var som ei ny religiøs stemning senka seg over landet. Og den engelske statsministeren stod fram i kyrkja og las 1 Kor 13 i gravferda, det store kapitlet om kjærleiken. Midt på denne vonde dagen var det mange menneske som fekk ei ny kjensle av Guds omsorg. Ei underleg blanding av ljos og skugge.

Eg har ei lita bok i bokhylla mi skriven av den kjende svenske biskopen, Bo Gierts. Der seier han at vi aldri kan få eit sant bilete av denne verda dersom biletet ikkje har med den vonde makta, djevelen. Han dukkar stadig opp og vil øydeleggje vårt liv og vår tru. Slik er det for alle menneske. Også for kristne. Men Jesus er den vonde overlegen. Og Jesus er den vonde sin fiende. Ikkje minst difor er det nettopp i vonde dagar at vi treng det vakre biletet som Jesus teiknar. "Har de eit ønskje om eit bibelvers som utgangspunkt i talen i kyrkja ved mor dykkar si båre", spurde eg. "Kan du ikkje tale om Gud som kler liljene på marka", svara dei. Jau, visst kunne eg det. Kvifor kunne ikkje eg gjere det når Jesus heldt fram dette biletet til menneske som han kalla for lite truande?

Geir Sørebø