IDEAR FOR BORN I GUDSTENESTA

16. søndag etter Pinse

Matt 6:24-34

I PREIKA

Tør me stole på at Gud verkeleg kan dra omsut for oss??? Eller vil me helst fikse detta og på eiga hand? Kor mange ting går det an å bekymre seg over? Tek me ein liten oppteljing i eige liv, kan det bli reint mange…….. Er det nokre ting me bør bekymre oss over?

Gud har omsorg for skaparverket sitt, seier Jesus: -sjå på fuglane under himmelen, -sjå liljene på marka! Men mest av alt har Gud omsorg for menneska – og ynskjer å gje oss alt godt. Søk fyrst Guds rike…. · skal de få alt det andre! "Frivers": me skal få lov til å la vere å bekymre oss for all verdas ting, og i staden stole på at Gud er der – også i morgo! Det siste verset i teksten var eg svært glad i som ung. Det sa i grunnen alt! Ein dag om gangen, det er meir enn nok å takle. I alle fall om ein skal vere til stades i livet……

EI SALME

Norsk salmebok 877: Søk fyrst av alt Guds rike

LITURGI

Forbøna: Del ut ein stein til kvar, for eksempel under kunngjeringane. Fortel at steinen skal "vere" alle bekymringane som me går og ber på. Ned i steinen kan me putte alle tinga som me uroar oss over! Under forbøna skal alle få komme fram i koret og leggje frå seg steinane (og bekymringa) på eit bord framføre/ved altaret. Presten ber ei kort bøn etter at alle har fått lagt steinen ifrå seg. (for dei minste barna kan dette bli litt komplisert)

Guds signing!

Anne Berit Sunde J